Imre Thököly
Imre Thököly | |||
| |||
Fyrste av Transilvania | |||
Regjeringstid | 22. september 1690 - 25. oktober 1690 | ||
---|---|---|---|
Ungarsk | Thököly/Tököly/Tökölli Imre | ||
Kroatisk | Mirko Thököly | ||
Slovakisk | Imrich Tököli | ||
Fødd | 25. september 1657 | ||
Fødestad | Késmárk/Käsmark, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet (i dag Kežmarok i Slovakia) | ||
Død | 13. september 1705 | ||
Dødsstad | İzmit i Det osmanske riket (i dagens Tyrkia) | ||
Gravstad | İzmit (1705) Kežmarok sidan 1906 | ||
Føregangar | Michael I Apafi | ||
Etterfølgjar | Frans II Rákóczi | ||
Gift med | Jelena Zrinska | ||
Far | István Thököly | ||
Mor | Mária Gyulaffy | ||
Born | Elizabeth Thököly |
Grev Imre Thököly de Késmárk (25. april 1657–13. september 1705) var ein ungarsk fridomshelt.
Han var statsmann, og leiar for eit anti-habsburgsk opprør, fyrste av Transilvania og ei kort tid vasallkonge av Øvre Ungarn.
I 1678 stilte han seg i spissen for ein hær av opprørske magyarar som i løpet av kord tid erobra heile det nordlege Ungarn. Han fekk støtte av Frankrike og Det osmanske riket, men etter at austerrikarane sigra i den store tyrkiske krigen mot sultanen i 1683-1688, braut det nordungarske fyrstedømet hans saman. I 1690 erobra han Transilvania og vart vald til fyrsten deira, men etter berre to månader vart han drive bort av dei austerrikske styrkane. Frå 1699 budde han i Tyrkia, der han døydde etter fleire resultatlause forsøk på å få krigen mot Austerrike i gang igjen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- {{kjelde www|tittel=Imre Thököly|dato=2012-01-21|verk=Store norske leksikon|url=http://snl.no/Imre_Thököly~~