John Etheridge
John Etheridge | |||
| |||
Fødd | 12. januar 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London Borough of Lambeth | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1966– | ||
Sjanger | jazz, jazz-fusion | ||
Instrument | gitar | ||
Plateselskap | inakustik, West One Music, Sony Classical, Q1797712, Jazzpoint Records, KPM Music, FMR Records | ||
Verka som | jazzmusikar, jazzgitarist, gitarist |
John Michael Glyn Etheridge (fødd 12. januar 1948 i Lambeth i London) er ein britisk jazz/fusiongitarist tilknytt Canterbury scene.
Tidleg i karrieren spelte han ei kort stundi Deep Purple-sidegreina Warhorse. I 1972 vart han med i bandet til tidlegare Curved Air-fiolinist Darryl Way, Wolf, som spelte inn tre album. I 1975 vart han med i Soft Machine. Han spelte inn to album med bandet, Softs (1976) og Alive & Well: Recorded in Paris (1978). Sidan spelte han med den franske fiolinisten Stéphane Grappelli og bandet 2nd Vision med Ric Sanders.
I 1980-åra spelte han med sin eigen trio og slo seg sidan saman med tidlegare Isotope-gitarist Gary Boyle. Mellom 1989 og 1993 var han medlem i bandet til tidlegare Pentangle-bassist Danny Thompson, Whatever. Han turnerte òg ein del med saksofonisten Dick Heckstall-Smith. I 1990-åra spelte han mellom andre med Nigel Kennedy og Andy Summers og gav i 1994 ut det første soloalbumet sitt, Ash. Han har sidan gjeve ut fleire soloalbum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Etheridge» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.