Kloakkdyr
Utsjånad
Kloakkdyr | |
Tasmansk maurpiggsvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Yinotheria |
Infraklasse: | †Elpistostegalia |
Orden: | Kloakkdyr Monotremata Bonaparte, 1837 |
Artar | |
Kloakkdyr (Monotremata) er ein orden av primitive pattedyr. Gruppa omfattar to familiar, nebbdyr og maurpiggsvin, og er utbreidd i Australia, på Tasmania og i Ny-Guinea. Evolusjonsmessig er desse dyra nærare krypdyra enn andre pattedyr, mellom anna legg dei egg og har kloakk – ei felles kroppsopning for ekskresjon og formeiring. Sjølv om dei høyrer til pattedyra manglar kloakkdyra patter; mjølkekjertlane skil mjølka ut direkte gjennom huda.