Lamido
Utsjånad
Lamido er ein tradisjonell tittel for ein konge, hovding, sultan eller emir i det nordlege Kamerun og det nordlege Nigeria. Ordet kjem av fulfulde laamiiɗo, fleirtal laamiiɓe, og er eit perfektivt partisipp i O-klassen (personar i eintal) og ƁE-klassen (personar i fleirtal) av verbet laamoo 'styre, regjere'. Tidlegare hadde dei både politisk, juridisk og religiøs makt. I kolonitida styrte dei europeiske kolonimaktene indirekte gjennom lamidoane og deira administrasjon. Etter at Kamerun og Nigeria blei sjølvstendige statar, har den politiske makta deira blitt stadig mindre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Traditional States of Nigeria», worldstatesmen.org
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |