Mjellem & Karlsen Verft
Mjellem & Karlsen Verft var eit skipsverft i Bergen, skipa i 1891 av maskinistane Frantz Olav Mjellem og Ole H. Karlsen i strøket Møhlenpris ved Puddefjorden. I 1894 overtok dei Møhlenpris Mekaniske Verksted ved Damsgårdssundet. Karlsen forlet bedrifta i 1909, som så vart omdanna til aksjeselskap med Christian Michelsen og Christopher Kahrs som aksjonærar. Då Mjellem døydde tok sonen Eilert Mjellem over leiinga i 1961, etterfølgd av sonen Frantz Mjellem til 1984.
Verftet spesialiserte seg på bygging av mindre dampskip av jern, og hadde også serviceverkstad. I 1958 sjøsette det havforskingsfartøyet «Johan Hjort» og i 1962 overtok dei Marineholmen. Ein tørrdokk vart teke i bruk i 1966 og ein flytedokk for vedlikehald av ubåtar i 1971. Det meste av verksemda føregjekk utandørs til skipsbyggarhallen vart reist i 1973. I tillegg vart det bygd ein maskinverkstad i 1983. Sidan 1985/1986 hadde Helge Stokke (Svein Hatvik A/S) og Gerda og Eilert Mjellem nær 50 % av aksjane kva, og Marineholmen A/S vart utskilt.
I 1991 kjøpte Mjellem & Karlsen BMV Laksevåg frå Ulsteingruppen. Verftet leverte spesialskip til fleire land. Føretaket gjekk til skifteretten i 2002, fem veker etter at det var kjøpt opp av investoren Carl Fredrik Seim. Restane vart kjøpt av eit nyoppretta Bergen Mekaniske Verksted AS, som seinare endra namn til Bergen Group BMV. På det gamle verftsområdet ved Thormøhlensgate har VilVite-senteret teke over maskinverkstadshallen. Resten av verftsområdet er planlagd nytt til ein nærings- og forskingspark.
Skip bygde ved Mjellem & Karlsen Verft
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.