Vaniljerotslekta
Vaniljerotslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Underfamilie: | Monotropoideae |
Slekt: | Vaniljerotslekta Monotropa L., 1753 |
Vaniljerotslekta (Monotropa) er ei planteslekt i lyngfamilien. Ho omfattar fleirårige staudeplantar som kjem frå tempererte delar av den nordlege halvkula. Plantane har lysegule blomar med vaniljeaktig luft og små skjelliknande blad.
Til forskjell frå dei fleste andre plantar driv ikkje vaniljerotplantar fotosyntese og inneheld ikkje klorofyll. I staden får dei næring gjennom å vera parasittar på mykorrhiza-nettverket mellom sopp og andre plantar. Sidan dei ikkje er avhengige av sollys kan dei veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen.
Det varierer kor mange artar ein delar slekta i, men ofte blir ho berre delt inn i to artar med fleire underartar: Monotropa hypopitys eller berre vaniljerot, som gjerne lever i furuskog, og Monotropa uniflora, som ein gjerne finn i bøkeskog.
I Noreg veks arten vaniljerot (Monotropa hypopitys) med to underartar, lodden vaniljerot (M. hypopitys hypopitys) og snau vaniljerot (M. hypopitys hypophegea).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vik, Unni (6. mars 2016), «Vaniljerot», Store norske leksikon, henta 18. april 2017
- Denne artikkelen bygger på «Monotropa» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2017.