Mykolajiv
Mykolajiv | |||
ukrainsk Миколаїв, russisk Николаев, Nikolajev | |||
by | |||
Mykolajiv bystyre.
| |||
|
|||
Kallenamn: Skipsbyggarbyen | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Mykolajiv oblast | ||
Rajon | Mykolajiv bykommune | ||
Koordinatar | 46°58′0″N 32°00′0″E / 46.96667°N 32.00000°E | ||
Areal | 260 km² | ||
Folketal | 498 748 (2011) | ||
Folketettleik | 1 918 / km² | ||
Grunnlagd | 1789 | ||
• Byrettar | 1789 | ||
Borgarmeister | Volodymyr Tsjaika | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 54000 | ||
Retningsnummer | +380 512 | ||
Bilnummer | BE | ||
Mykolajiv 46°58′30″N 31°59′42″E / 46.975°N 31.995°E | |||
Kart som viser Mykolajiv.
| |||
Wikimedia Commons: Mykolaiv | |||
Nettstad: gorsovet.mk.ua |
Mykolajiv (ukrainsk Миколаїв, russisk Николаев, Nikolajev) er ein by sør i Ukraina og det administrative senteret i Mykolajiv oblast. Mykolajiv er den største skipsbyggarsenteret ved Svartehavet og i heile Aust-Europa. Byen har òg ei elvehamn og kring ein halv million innbyggjarar.
Mykolajiv har ein velordna byplan som viser at utvikla var godt planlagt frå grunnlegginga av byen. Hovudgatene er breie avenuar. Ein viktig del av byen er dei vakre parake. Park Pobedy (Siger) er ein stor park på ei halvøy like nord for sentrum av byen, på nordsida av elva Inhul.
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Mykolajiv ligg på ei halvøy i steppeområdet i Ukraina, 65 km frå Svartehavet langs estuaret til elva Søndre Buh (der ho møter Inhul).[1]
Både Inhul og Søndre Buh følgjer eit svingande løp like før dei renn saman nordaust i Mykolajiv. Dette har skapt lange og smale halvøyar like nord for Mykolajiv og sentrum av byen ligg sjølv på ei halvøy i ein 180 graders sving i Søndre Buh.
Byen har eit moderat kontinentalklima med milde vintrar og varme somrar.[2] Årsmiddeltemperaturen i Mykolajiv er 10 °С. Den lågaste middeltemperaturen er i januar (-3,1 °С); og høgast i juli (22,3 °С).[2]
Mykolajiv har ein årsmiddelnedbør på 472 mm , med minst nedbør i oktober og mest i juli. Det kjem snø i Mykolajiv kvar vinter, men sjeldan mykje.
Vêrdata for Mykolajiv | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | −1 | 0 | 5 | 14 | 21 | 25 | 27 | 26 | 20 | 14 | 8 | 2 | 14 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −3,1 | −1,8 | 2,6 | 10,2 | 16,5 | 20,4 | 22,3 | 21,8 | 16,9 | 10,3 | 4,4 | −0,1 | 10 |
Gjennomsnittleg min °C | −6 | −5 | 0 | 6 | 11 | 15 | 17 | 16 | 11 | 6 | 0 | −2 | 6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 35,7 | 35,4 | 29 | 32,3 | 43,5 | 54,2 | 56,2 | 41 | 39,5 | 21,5 | 36,4 | 42,6 | 467,3 |
Gns. dagar med regn | 6,4 | 6,1 | 5,5 | 5,5 | 6,5 | 6,5 | 5,1 | 4,1 | 4,3 | 3,3 | 5,9 | 7,4 | 66,6 |
Gns. solskinstimar i månaden | 68,2 | 73,5 | 120,9 | 180 | 263,5 | 288 | 306,9 | 294,5 | 231 | 167,4 | 69 | 52,7 | 2 115,6 |
Kjelde: Meteoprog.ua[2]Hong Kong Observatory .[3] |
Historie
[endre | endre wikiteksten]Historia til byen har alltid vore nært knytt til skipsbygging.[4] Byen vart grunnlagd i 1789 av den russiske generalguvernøren prins Grigorij Potemkin, først som eit skipsverft. Etter kvart vart skipsverftet kalla Nikloajev til minne om dagen då Otsjakov fall til russiske soldatar under hans kommando den 6. desember 1788, nær St. Nikolas-dagen, den 19. desember i den russiske-ortodokse kyrkja. Hovudkvarteret til den russiske svartehavsflåten var i over 100 år i Nikolajev før det vart flytta til Sevastopol på Krimhalvøya. Under Krimkrigen vart byen den viktigaste støttebasen til den russiske marinen. Det meste av føretaka i byen var knytt til militærindustrien, så Mykloajiv var lenge lukka for utlendingar.[5]
I 1820 grunnla admiral Aleksej Greig Mykolayiv astronomiske observatorium i byen, medan han var guvernør her. Han utvikla òg andre delar av byen og bygde mellom anna hamna her og utover på 1800-talet vart Mykloajiv ei viktig handelshamn. Seint på 1800-talet var hamna i Mykoljaiv den tredje største i Det russiske imperiet etter St. Petersburg og Odessa.
Mykolajiv var òg eit stort jødisk senter i Det russiske imperiet på 1800-talet. Byen vart underlagt Sovjetunionen i 1920. Mykloajiv vart okkupert av tyskarane under andre verdskrigen frå 16. august 1941. Under okkupasjonen var det ei motstandsrørsle i byen som dreiv geriljaaktivitet. Byen vart frigjort 28. mars 1944.
I etterkrigstida vart Mykolajiv eit skipsbyggingsenter i Sovjetunionen med tre skipsverft.
I mars 2012 vart Mykolajiv internasjonalt kjend for rettsløyse og korrupsjon i politiet etter at Oksana Makar vart valdteken og myrda.[6] Tre personar vart arresterte, men fordi to av dei var i slekt med personar i dei lokale styresmaktene, vart dei sleppte fri. Etter protestar i media og ålmenta vart alle tre skulda for mord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mykolaiv» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Благоустройство города Arkivert 2012-05-04 ved Wayback Machine., gorsovet.mk.ua
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Климат Николаева (meteoprog.ua)
- ↑ Climatological Information for Mykolajiv i Ukraina, Hong Kong Observatory. Retrieved 28 June 2012.
- ↑ http://news.bbc.co.uk/sport2/hi/olympic_games/world_olympic_dreams/8931237.stm
- ↑ History of the city Arkivert 2012-05-22 ved Wayback Machine., gorsovet.mk.ua
- ↑ http://www.heraldsun.com.au/news/breaking-news/teen-dies-after-horror-gang-rape/story-e6frf7jx-1226314071818
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2003-04-06 ved Wayback Machine.