Nadezjda Tkatsjenko
Nadezjda Tkatsjenko | |
Alias | Russisk skrift Надежда Владимировна Ткаченко, ukrainsk skrift Надія Володимирівна Ткаченко, Nadija Volodymyrivna Tkatsjenko |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 19. september 1948 (76 år) Krementsjuk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972 |
Utmerkingar | Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen, honorary citizen of Donetsk Oblast |
Nadezjda Vladimirovna Tkatsjenko (fødd 19. september 1948) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Krementsjuk som tevla i mangekamp for Sovjetunionen. Ho vart europameister i femkamp i 1974 og olympisk meister i Moskva i 1980.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Tkatsjenko fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i sommar-OL 1972 i München, der ho enda på niandeplassen i femkampen. Året etter vann ho femkampøvinga i universiaden, før ho i 1974 vann EM-gull i Roma. Med 4 776 poeng var ho 100 poeng føre sølvvinnaren Burglinde Pollak frå Aust-Tyskland. Under sommarleikane i Montreal i 1976 kom ho på femteplass med 4 669 poeng.
Frå 1977 vart 200 meter bytta ut med 800 meter i femkampøvinga, noko som var ein fordel for Tkatsjenko som ikkje var spesielt kjapp i sprintøvingane. Ho gjekk til topps i femkamp i friidretts-EM i Praha hausten 1978, men ho mista gullmedaljen då det vart avslørt at ho hadde brukt anabole steroid. Margit Papp frå Ungarn vart deretter erklært som vinnar av EM-femkampen.
Tkatsjenko var utestengd fram til OL i Moskva sommaren 1980. Den 23. og 24 juli 1980 presterte ho sin beste mangekamp nokon gong, og vann den olympiske gullmedaljen med 5 087 poeng, ny verdsrekord
Doping
[endre | endre wikiteksten]Tkatsjenko testa positivt på anabole steroid under Friidretts-EM 1978, og vart utestengd frå idrett i knappe 2 år.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nadeschda Tkatschenko» frå Wikipedia på tysk, den 30. august 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1948
- Sovjetiske mangekjemparar
- Ukrainske mangekjemparar
- Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1980
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980