Hopp til innhald

Nintendo Entertainment Analysis and Development

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nintendo Entertainment Analysis and Development

Org.formAvdeling i Nintendo
BransjeDataspel
Skipaseptember 1983
Etterfylgjar(ar)Nintendo Entertainment Planning & Development
EigarNintendo
MorselskapNintendo
HovudkontorFlagget til Japan Kyoto, Tokyo
LandJapan
ProduktYmse dataspel-titlar
Grunnleggjar(ar)Hiroshi Yamauchi
Dagleg leiarShigeru Miyamoto

Nintendo Entertainment Analysis and Development (EAD), tidlegare kjent som Research & Development Team 4[1], er den største avdelinga hjå Nintendo for utvikling av dataspel. Her jobbar kjende speldesignarar som Shigeru Miyamoto og Takashi Tezuka, og dei er krediterte i kvart spel gjeve ut frå EAD. Avdelinga er kjent for arbeidet sitt på Super Mario-, The Legend of Zelda-, F-Zero-, Star Fox- og Pikmin-serien.

I 2004 gjekk Nintendo gjennom ei omstrukturering, som innebar at Nintendo Research & Development 1 og Nintendo Research & Development 2 vart slådde saman med EAD.[1] Nintendo EAD sjølv er no delt i fem åtskilde lag som jobbar på ulike prosjekt.[2]

Noverande struktur

[endre | endre wikiteksten]

EAD Software Group No. 1

[endre | endre wikiteksten]

Leiar/produsent: Hideki Konno

EAD Software Group No. 2

[endre | endre wikiteksten]

Leiar/produsent: Katsuya Eguchi

EAD Software Group No. 3

[endre | endre wikiteksten]

Leiar/produsent: Eiji Aonuma

EAD Software Group No. 4

[endre | endre wikiteksten]

Leiar/produsent: Hiroyuki Kimura

EAD Software Group Tokyo

[endre | endre wikiteksten]

Leiar/produsent: Takao Shimizu

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «The Nintendo Development Structure». Henta 20. oktober 2009. 
  2. «NCL Team Structure work in progress». Henta 20. oktober 2009.