Nintendo Switch
Nintendo Switch | |||
Ein Nintendo Switch-konsoll plassert i dokking- stasjonen (over) og i handhalden konfigurasjon (under). | |||
Produsent | Nintendo | ||
---|---|---|---|
Type | Spelkonsoll | ||
Lansering | 3. mars 2017 | ||
Einingar selde | 143,42 millionar[1] | ||
Mestseljande spel | Mario Kart 8 Deluxe (62,90 millionar)[1] | ||
Forgjengar | Wii U | ||
Nettstad | www.nintendo.com/switch/ |
Nintendo Switch er ein spelkonsoll utvikla av Nintendo. Konsollen var kjent under kodenamnet NX fram til avdukinga den 20. oktober 2016[2], og vart lansert internasjonalt den 3. mars 2017. Nintendo marknadsfører Switch som ein hybridmaskin: Han er primært designa som ein heimekonsoll, der hovudeininga kan plasserast i ein dokkingstasjon for å koplast til eit fjernsyn. Alternativt kan hovudeininga fjernast frå dokkingstasjonen og brukast som ein berbar spelemaskin eller leggjast oppreist på ei overflate, synleg for fleire spelarar.
Nintendo Switch bruker trådlause Joy-Con-kontrollar, som har standardknappar, analoge kontrollstikker og registrering av rørsler og som kan gje tilbakemeldingar i form av vibrasjonar. Joy-Con kan festast på begge sidene av konsollen for å støtte handhalde spel, festast til eit tilbehøyr for å gje form som ein tradisjonell kontroll eller brukast individuelt i handa på same vis som Wii Remote og Nunchuk.
Nintendo har per 30. juni 2024 selt 143,42 millionar Nintendo Switch-konsollar. Dei fem spela til konsollen som har selt mest er Super Mario Odyssey (28,21 millionar), The Legend of Zelda: Breath of the Wild (32,05 millionar), Super Smash Bros. Ultimate (34,66 millionar), Animal Crossing: New Horizons (45,85 millionar) og Mario Kart 8 Deluxe (62,90 millionar).[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «IR Information: Sales Data - Dedicated Video Game Sales Units». Nintendo. Henta 5. september 2024.
- ↑ «NX is now Nintendo Switch, a portable console with detachable controllers» (på engelsk). Eurogamer. Henta 20. oktober 2016.