Hopp til innhald

Nordbanerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordbanerne er ei gammal nemning på de tre jernbanane Eidsvold-Hamarbanen (Hedmarksbanen), Rørosbanen (Hamar-Røros-Trondheim) og Meråkerbanen (Trondheim-Storlien).[1] Desse gjekk nord for Østbanerne som var ei samnemning på Hovedbanen og Kongsvingerbanen. Nordbanerne var i bruk som offisiell nemning mellom 1880 (då vart Hedemarksbanen opna) og 1883.

Nordbanerne må ikkje forvekslast med Nordbanen som var det første offisielle namnet på Gjøvikbanen med sidelinjene Røykenvikbanen og Skreiabanen, eit banesystem som vart teke i bruk frå 1900.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bjerke, T. & Holom, F. (2004). Banedata 2004. Hamar/Oslo: Norsk Jernbanemuseum og Norsk Jernbaneklubb. s. 75