Nuristanske språk
Nuristanske språk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk
| |
Vidare inndeling: | ||
Område: | Afghanistan og Pakistan |
Nuristanske språk er ei undergruppe av dei indoiranske språka og blir snakka i Afghanistan og Pakistan, i isolerte fjellområde i Hindukush.
Klassifikasjon
[endre | endre wikiteksten]Dei nuristanske språk blei først skildra av språkforskarar på 1800-talet. Ettersom det gamle namnet på området dei blir tala i var Kafiristan, var dei først kjende som kafiiri, kafiristani eller kaffirspråk, men ettersom «kaffir» tyder 'vantru' blei området omdøypt til Nuristan – Nur tyder 'lys'.
Det er nå vanleg å klassifisera dei nuristanske språka som ei eiga grein av den indoiranske språkgruppa, men dei er også blitt klassifiserte som ei undergruppe av dardiske språk, som indoariske språk og som opphavleg iranske språk med sterk påverking frå dardiske språk.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Det er fem nuristanske språk, alle med forskjellige dialektar:
- Askunu (2 000 talarar)
- Kamkata-viri (24 200 talarar)
- Vasi-vara (2 000 talarar)
- Tregami (1 000 talarar)
- Kalasha-ala (2 000 talarar)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nuristanske språk» frå Wikipedia på bokmål, og «Nuristani languages» frå Wikipedia på engelsk den 10. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kendall D. Decker (1992) Languages of Chitral http://www.ethnologue.com/show_work.asp?id=32850
- Georg Morgenstierne (1926) Report on a Linguistic Mission to Afghanistan. Instituttet for Sammenlignende Kulturforskning, Serie C I-2. Oslo. ISBN 0-923891-09-9
- Karl Jettmar (1985) Religions of the Hindu Kush ISBN 0-85668-163-6
- J. P. Mallory, In Search of the Indo-Europeans: Language, Archaeology and Myth, Thames and Hudson, 1989.
- James P. Mallory & Douglas Q. Adams, "Indo-Iranian Languages", Encyclopedia of Indo-European Culture, Fitzroy Dearborn, 1997.
- SIL Ethnologue [1]
- Strand, Richard F. (1973) "Notes on the Nûristânî and Dardic Languages." Journal of the American Oriental Society, 93.3: 297-305.
- Richard Strand's Nuristân Site Arkivert 2005-08-22 ved Wayback Machine. (engelsk)