Hopp til innhald

Sørpolområdet til Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Planum Australe)
Sørpolområdet til Mars om sumaren, fotografert av Mars Express
Sørpolområdet til Mars om vetteren, fotografert av Mars Global Surveyor

Sørpolområdet til Mars eller Planum Australe har eit område som heile tida er dekt med is. Denne isen er sett saman av vassis og karbondioksid-is. Om vetteren er òg eit større område ikring dekt med frost som vert til gass når sumaren kjem.[1][2]

Isdekket på sørpolen når visse stadene ei tjukn på opp til 3,5 kilometer, og det har ein diameter på kring 350 kilometer.[2][3]

Det permanente isdekket er sett saman av 85% karbondioksid-is og 15% vassis. Det har ein kjerne av vassis.[2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]