Elva Paraná
Paraná | |||
elv | |||
Paraná ved Candelaria i Misiones i Argentina
| |||
Land | Brasil, Argentina Paraguay | ||
---|---|---|---|
Lengd | 3 700 km | ||
Kjelde | Paranaíba, Grande | ||
Munning | Río de la Plata | ||
Elva Paraná 20°05′06″S 51°00′02″W / 20.085°S 51.0006°W | |||
Kart over Paraná og dei viktigaste sideelvane
| |||
Wikimedia Commons: Paraná River |
Paraná er ei elv i Sør-Amerika som renn gjennom Paraguay, Brasil og Argentina, fleire stader som grenseelv. Ho er rundt 3700 km lang og er dermed den andre lengste elva i verdsdelen. Namnet «Paraná» kjem frå guarani og tyder 'far til vatna', 'stort vatn' eller 'elv som liknar havet'.
Elva har eit nedbørfelt på 2,34 mill. km². Ho blir danna der dei brasilianske elvane Paranaíbad og Rio Grande møtest ved 20°S. Ho munnar ut i Rio de la Plata. Det øvre løpet er ikkje seglbart. Ho er farbar for skip som stikk 7,2 m djupt til Rosario, og for skip opptil 2 m til Corrientes. Paraná har mange store fossar. Blant dei største var dei no overfløymde Guaírafalla på grensa mellom Paraguay og Brasil.
Paraná dannar eit stykke grensa mellom Paraguay og Brasil og mellom Paraguay og Argentina. På grensa mellom Brasil og Paraguay finst den største kraftstasjonen i verda, Itaipu, som utnyttar dei rundt 120 m høge falla Salto Grande. Den oppdemde sjøen er rundt 170 km lang, og med magasin rundt 29 mrd. m³. Kraftproduksjonen blir delt likt mellom Brasil og Paraguay.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Paraná – elv» i Store norske leksikon, snl.no.
- Encyclopædia Britannica, Río de la Plata
- Itaipu Binacional, PARANÁ RIVER