Seindevon-utryddinga
Skala: Millionar år sidan
Seindevon-utryddinga var ein av fem store masseutryddingar i historia til jorda. Ho markerte byrjinga på den siste alderen i devon, famennium, for om lag 364 millionar år sidan, då nesten alle fossila av kjevelause fisk brått forsvann. Ei anna stor utrydding enda devontida.
Sjølv om det er klart at det biologiske mangfaldet vart hardt råka mot slutten av devon, er det uklårt kor lenge denne hendinga varte og estimat varierer frå 0,5 til 15 millionar år. Sistnemnde er heile så lenge som heile famennium varte. Det er heller ikkje klart om det er snakk om to tydelege masseutryddingar eller ei rekkje mindre utryddingar over tid, men nyare forsking tyde på mange årsaker og ei rekkje utryddingar med eit interval på om lag tre millionar år.[3] Statistisk analyse indikerer at minken i mangfaldet vart skapt av ein minke i artsdanning enn ein auke av utryddingar.[4]
Oksygenmangel i havbotnen produserte oljerik skifer. Den seindevonske utryddinga påverka hovudsakleg sjølivet og mest dei som levde i varme farvatn. Den viktigaste gruppa som vart utrydda var korallbyggjande organismar som stromatoporoidear. Utryddinga var så total at nye korallrev (bygd av koralldyr som finst i dag) ikkje byrja å dukka opp på stor skala før mesozoikum.
Av gruppene som døydde ut finn ein armføtingar, trilobittar, ammonittar, konodontar og atriarkar, i tillegg til kjevelause fiskar og alle panserhaiar. Landplantene, samt ferskvassartane, som våre firbeinte forfedrar, vart lite råka av denne hendinga.
Ein er framleis usikker på kvifor utryddinga oppstod. Det har vore foreslått at det kan ha kome av eit asteroidenedslag, men det er ikkje funne spor etter nedslagskrater frå devon som er store nok til at noko slikt er sannsynleg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Late Devonian extinction» frå Wikipedia på engelsk, og «Devonska utdöendet» frå Wikipedia på svensk den 22. august 2008.
- Fotnotar
- ↑ Kaufmann, B.; Trapp, E.; Mezger, K. (2004). «The numerical age of the Upper Frasnium(Øvre devon) Kellwasser horizons: A new U-Pb zircon date from Steinbruch Schmidt(Kellerwald, Germany)». The Journal of geology 112 (4): 495-501. doi:10.1086/421077.
- ↑ Algeo, T.J. (1998). «Terrestrial-marine teleconnections in the Devontida: links between the evolution of land plants, weathering processes og marine anoxic events». Philosophical Transactions of the Royal Society B: Biological Sciences 353 (1365): 113-130.
- ↑ Racki, Grzegorz (1996). «Toward understanding of Late Devonian global evants: few answers, many question». GSA Annual meeting, Seattle 2003 (abstract)] (McGhee).
- ↑ Bambach, R.K.; Knoll, A.H.; Wang, S.C. (desember 2004). «Origination, extinction og mass depletions of marine diversity». Paleobiology 30 (4): 522–542. doi:10.1666/0094-8373(2004)030<0522:OEAMDO>2.0.CO;2.