Hopp til innhald

Skjolden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjolden
stad
Skjolden i 2024.
Foto: Vadim Chuprina
Land  Noreg
Kart
Skjolden
61°29′25″N 7°36′02″E / 61.490277777778°N 7.6005555555556°E / 61.490277777778; 7.6005555555556
Wikimedia Commons: Skjolden

Skjolden er ei bygd i Luster kommune i Vestland fylke, ved botnen av Lustrafjorden, den inste armen av Sognefjorden. Namnet er bunden form av ordet «skjold».[1]

Sognefjellsvegen (fylkesveg 55) kjem ned til fjorden ved Skjolden.[1] Mørkrisdalselva og Fortundalselva munnar ut ved bygda.[1] Den største lengda til Sognefjorden, 205 km, er rekna frå Ytre Sula til Skjolden.

Bygda er ein kjend turiststad med hotell.[1] Den tyske filosofen Ludwig Wittgenstein fekk bygd ei hytte på staden i 1914, denne blei flytta nærare til tettstaden. Ho blei om i 1957 og tilbakeført til opphavleg utsjånad i 2018. Det er sett opp ei minnetavle over Wittgenstein ved Eidsvatnet.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Skjolden