Støypejern
Utsjånad
(Omdirigert frå Støypejarn)
Støypejern eller gråjern er ei legering av jern og karbon der karboninnhaldet er høgare enn 2,1 %. Material med lågare karboninnhald blir rekna som stål. Støypejern er sterkt, lett å støypa, er nokså støytdempande og rimeleg å laga, men er òg ganske sprøtt, og kan slåast sund med hammar eller sleggje.
Ein bruker støypejern mellom anna til omnar, kumlokk, sylinderfôringar til skipsmotorar. Det er òg blitt nytta i bilmotorar, men er i dag stort sett erstatta av aluminiumlegeringar. I industrien er legeringa meir og meir blitt avløyst av kulegrafittjern, også kalla seigjern.