Stereoskop
Stereoskop er eit apparat for å gje tredimensjonalitet og djupnesyn når ein ser på ein type tilrettelagde bilete eller fotografi, ofte kalla stereofotografi eller stereokort. Teknikken blir kalla stereoskopi og omfattar ulike teknikkar, òg tredimensjonal film.
Omgrepet er danna av dei greske orda stereos («romleg») og skopein («sjå seg omkring»). Adjektivet stereoskopisk tyder «med romverknad» eller «tredimensjonal» og blir brukt særleg om opplevinga av djupnesyn med to auge som ser i same retning.
Verkemåte og bruk
[endre | endre wikiteksten]Prinsippet byggjer på at vi ser med to auge som har ein viss avstand. Det eine auget ser ein gjenstand i ein litt annan vinkel enn det andre auget i tilhøve til øvrige objekt. Skilnaden i vinkel gjev hjernen ein indikasjon på avstanden til objektet. Ved å ta to bilete frå same avstand, og med linsa (objektivet) forskove tilsvarande augeavstand, og ved at desse bileta vert observert samstundes, kan vi få ein tilsvarande effekt ved hjelp av bilete. Viss slike bilete blir montert i same ramme og observert med eit kikkertliknande apparat vil dei gje ein illusjon av djupnesyn. Binokkulare kikkertar byggjar forresten på same prinsipp.
Filmindustrien har freista med stereoskopisk film fleire gonger. Tilskodaren måtte då bruke spesielle briller for å få effekten med seg. Utgiftene med slike opptak har tydelegvis ikkje stått i tilhøve til innteninga. Den visuelle effekten viser seg òg å vere mindre viktig enn den forteljartekniske.
Stereoskop blir i dag brukt i samanhengar der nytteverdien av den meirinformasjonen ein berre kan få på denne måten, forsvarar utgiftene. Dei store oljeleitingsmiljøa brukar til dømes ein variant og vidareføring der tredimensjonale data blir lagt inn i eit hologram, som berre kan studerast med spesialbriller i eit eige rom. Einskilde mikroskoptypar gjev stereoskopiske bilete. Nokre flyfoto i etterretningsøyemed blir nok enno teke med stereokamera. Landmålerar har òg apparat av liknande slag.
Ved kartlegging med høgdekurver, blir det teke fortløpande bilete frå fly som flyr i «striper», og der bileta overlappar kvarandre med 60 %. Bileta blir plassert i ein konstruksjonsmaskin der nabo-bileta blir sett parvis saman. Ein får då ein kraftig stereoverknad. Tidlegare vart karta på dette grunnlaget teikna manuelt ved hjelp av konstruksjonsmaskinar (t.d. Autograf WILD A8). I dag skjer konstruksjonen etter dei same prinsipp i hovudsak automatisk ved hjelp av dataprogram.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Anaglyf-metoden
- Autostereogram
- Dybdesyn
- Holografi
- Tredimensjonal
- Tredimensjonal film
- Binokular kikkert
- View-Master
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stereoskop» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2013.