Sverre Aas
Utsjånad
Sverre Aas | |
Fødd | 12. januar 1914 |
Død |
26. februar 2000 (86 år) |
Yrke | skribent, fylkesskolesjef, lærar |
Sverre Aas (12. januar 1914–26. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger.
Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gulen kommune og Leirvik i Hyllestad kommune.
Frå 1962 var Aas konsulent for skuledirektøren i Sogn og Fjordane. Frå 1971 til 1981 var han fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane.
Aas hadde tillitsverv i Noregs Mållag og i fråhaldsrørsla. Han var aktiv i Systrond Sogelag.
Agnar Aas er sonen hans.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1977 – Frå Holmedal til Hafslo : Hafslo Husstellfagskule 100 år (Hafslo: Hafslo Husstellfagskule) I fulltekst ved nb.no [Skriftstyre: Barbra Hestetun, Johannes Husum, Sverre Aas]
- 1989 – Frå allmugeskule til grunnskule i Sogn og Fjordane : innsyn i skulesoga til fylket gjennom 250 år (1739-1989) (Hermansverk: Skuledirektøren i Sogn og Fjordane). ISBN 82-7056-037-5 I fulltekst ved nb.no
- 1998 – Olav Sande : eit liv i ord og tonar 1850-1927 : skulemann, folkeminnesamlar, diktar og toneskald (Leikanger: Kulturkontoret) I fulltekst ved nb.no