Tor Ingebrigtsen
Utsjånad
Tor Ingebrigtsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. november 1963 (61 år) Tromsø kommune |
Yrke | lege, professor, forskar |
Tor Ingebrigtsen (fødd 16. november 1963 i Tromsø) er ein norsk leiar, lege og professor II i nevrokirurgi.[1] Han var administrerande direktør ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) i Tromsø frå 2007 til 2018.
Ingebrigtsen er utdanna lege ved Universitetet i Tromsø og vart dr.med. i 1998 på eit emne om handtering av lettare hovudskadar.[2] Han har vore avdelingsoverlege og avdelingsleiar ved nevrokirurgisk avdeling ved det same sjukehuset.[3] Han har tidlegare òg arbeidd ved Rikshospitalet, Narvik sjukehus og i Narvik kommune.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ingebrigtsen, Tor – Klinisk medisin, arkivert frå originalen 10. februar 2018, henta 22. februar 2019
- ↑ Direktør frå Tromsø[daud lenkje]
- ↑ Ledelsen ved Universitetssykehuset Nord-Norge HF
- Denne artikkelen bygger på «Tor Ingebrigtsen» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Tor Ingebrigtsen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin