Upper River Region
Upper River Region | |||
region | |||
Land | Gambia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Basse Santa Su | ||
Areal | 2 070 km² | ||
Folketal | 198 773 (2010) | ||
Upper River Region 13°23′40″N 14°10′31″W / 13.394444°N 14.175278°W |
Upper River Region (tidlegare Upper River Division) er eit av seks forvaltingsområde i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen tilsvarar Local Government Area Basse.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Regionen på 2070 km², med det administrative senteret sitt i Basse Santa Su i distriktet Fulladu East, er vidare inndelt i fire distrikt. I 2013 hadde han eit estimert folketal på 202 153 innbyggjarar.[1] Regionen er den austlegaste i landet, og grensar berre til Central River Region, i tillegg til riksgrensa til Senegal.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Dei fire distrikta er Fulladu East, Kantora, Wuli og Sandu.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadane er:
- Basse Santa Su, 11.859
- Sabi, 9987
- Gambissara, 9859
- Garowol, 8272
- Allunhari, 5784
- Demba Kunda, 5156
- Kularr, 4314
- Diabugu, 4196
- Koina, 4089
- Numuyel, 3994
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje ei undersøking frå 1993[2] (den dåverande folketeljinga) var den største folkegruppa mandinka, som utgjorde kring tre tidelar av folkesetnaden, følgd av fula- og så voloffolk. Fordelinga i detalj var: 33,4 % mandinkafolk, 23,9 % fulaniaar, 0,3 % voloffolk, 0,2 % jolafolk, 40,5 % serahulefolk, 0,2 % sererfolk, 0 % aku, 0,1 % manjago, 0,7 % bambara og 0,6 % andre folkeslag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Upper River Region ved bevoelkerungsstatistik.de
- ↑ Population by Ethnicity, by Settlement and Local Government Area. (Gambians Only) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2012
- Denne artikkelen bygger på «Upper River Region» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2024.