Vatinskij Jegan
Utsjånad
Vatinskij Jegan | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 3 190 km² | ||
Lengd | 593 km | ||
Munning | Ob | ||
Vatinskij Jegan 61°08′24″N 75°14′58″E / 61.13996°N 75.24948°E |
Vatinskij Jegan (russisk Ватинский Еган) er ei elv på Den vestsibirske sletta i Khanty-Mansia i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 593 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 190 km².
Kjelda hennar er på sørsida av Aganskogo Uvala og ho renn gjennom myrlendt taiga. Det meste av vasstilførselen hennar er snøsmelting.
Det finst store førekomstar av olje og gass i nedslagsfeltet til Vatinskij Jegan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ватинский Еган» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.