Wie schön leuchtet der Morgenstern
BWV 1 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 25. mars 1725 25. mars 1725 | ||
Publiseringsdato | 1851 | ||
Typisk lengd | 21:20 | ||
Toneart | F-dur |
Wie schön leuchtet der Morgenstern (Ei morgonstjerne klår og fin), BWV 1, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach medan han var kantor ved Tomaskyrkja i Leipzig i 1725. Kantaten vart komponert for Maria bodskapsdag, som skjer kvart år 25. mars og vart framført første gong då. Sidan høgtida vanlegvis skjer samstundes med fastetida, vert han sjeldan feira med musikk, men 25. mars 1725 var òg palmesøndag, som Bach skreiv denne kantaten for.
Teksten for dagen er Esaias 7: 10-16 og Lukas 1: 26-38. Teksten i kantaten omfattar teksten til salmen publisert av Philipp Nicolai i 1599 i satsane 1 og 6. Kven som skreiv vers 2–5 er ukjend.
Det homonyme koralteamet vart kodifisert av Nicolai, men forsking av C. S. Terry har vist at melodien vart laga minst 61 år før utgjevinga til Nicolai[1].
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for valthorn I/II, oboar da caccia I/II, fiolinar I/II (vidare delt inn i concertando og ripieno), bratsj og basso continuo, tre songsolistar (sopran, tenor og bass) og firedelt kor. Stykket er i seks satsar:
- (Coro): «Wie schön leuchtet der Morgenstern» for kor og instrumental tutti.
- Recitativo: «Du wahrer Gottes und Marien Sohn» for tenor og continuo.
- Arie: «Erfüllet, ihr himmlischen göttlichen Flammen» for sopran, oboar da caccia i samklang og continuo.
- Recitativo: «Ein irdscher Glanz, ein leiblich Licht» for bass og continuo.
- Arie: «Unser Mund und Ton der Saiten» for tenor, strykarar og continuo.
- Koral: «Wie bin ich doch so herzlich froh» for kor, kornett I og fiolin I col Soprano, corno II, obo I og fiolin II coll'Alto, obo II og bratsj col Tenore, continuo.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]
1. (Coro) |
2. Recitativo (tenor) |
3. Arie (sopran) |
4. Recitativo (bass) |
5. Aria (tenor) |
6. Chorale |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wie schön leuchtet der Morgenstern, BWV 1» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 1 Arkivert 2008-06-06 ved Wayback Machine., Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Text og orchestration for BWV 1, Bach Cantatas, University of Alberta.
- Russell Stinson, "Bach's Earliest Autograph", Musical Quarterly LXXI: 235-263.
- ↑ C. Sanford Terry: "A Note on the Tune, 'Wie schön leuchtet der Morgenstern'", The Musical Times, Vol. 58, No. 893 (1 juli 1917), pp. 302–03.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- & vokalpartitur for BWV 1 på bach-cantatas.com
- Diskusjon om verket på bach-cantatas.com