Versj. 22
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 1. november 2021. Artikkelen endret 12 tegn fra forrige versjon.

Nedstrand er ein tettstad i Tysvær kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 234 innbyggjarar (2020).

Nedstrand ligg på vestsida av Vindafjordens munning i Boknafjorden.

Nedstrand har fergesamband med Jelsa og Hebnes i Suldal, øya Ombo og dei større øyane i Finnøy. Det er òg snøggbåt til Stavanger og Sauda.

Nedstrand (Stranda) var tollstad for Ryfylke på 1600-tallet med mellom anna stor tømmereksport, og var i åra 1837–1965 administrasjonssenter i tidlegare Nedstrand kommune.

Nedstrand kyrkje ligg i Hindaråvåg, rundt tre km vest for tettstaden.