Ambrosia Tønnesen var ein norsk bilethoggar, den første profesjonelle kvinnelege skulptøren i Noreg. Ho var ei moderne og ambisiøs kvinne for si tid, med eit uvanleg yrkesval og med kunstnarleg suksess.
Ambrosia Tønnesen
Faktaboks
Ambrosia Theodora Tønnesen
- Fødd
- 28. januar 1859, Ålesund, Møre og Romsdal
- Død
- 21. januar 1948, Fana (nå Bergen), Vestland
- Verke
- Billedhugger
- Familie
-
Foreldre: Skipsfører Abraham Tønnesen (1818–68) og Thomine Jonasen (1820–1909).
Samboer med Mary Banks.
Bakgrunn
Ambrosia Tønnesen var fødd i Ålesund. Etter konfirmasjonen flytta ho til Bergen og fekk arbeid som lærar i almugeskulen. I 1884, etter fire år med kveldstimar i teikning og modellering, debuterte ho som målarkunstnar i Bergens Kunstforening.
I 1885 følgde ho undervisninga til den norske skulptøren Stephan Sinding i København, noko som opna interessa for bilethogging. Same året vart Tønnesen privatelev hos professor Albert Wolff i Berlin. I 1887 flytta ho til Paris, der ho lærte å hogge i marmor i atelieret til realisten René de Saint-Marceaux.
I 1910 flytte Tønnesen attende til Bergen, der ho heldt fram som bilethoggar resten av livet. Ho var den første profesjonelle kvinnelege skulptøren i Noreg.
Hovudverk
Bronseskulpturane av J.C. Dahl (1902, Permanenten, Bergen) og Ole Bull (1897–1904, Den Nationale Scene, Bergen) er blant hovudverka. Andre verk er byster av Amalie Skram og Christian Børs i Bergens offentlege bibliotek, Edvard Grieg i Grieghallen, Christian Michelsen, Wollert Konow (S.B.) og fleire. På Vår Frelsers gravlund i Oslo står bysta av Gina Krog.
Utmerkingar
I 1903 oppnådde Ambrosia Tønnesen Mention honorable på Salongen i Paris, i tillegg til at ho fekk Kong Oskar 2.s Pro literis et atribus for skulpturen av J.C. Dahl. Året etter fekk ho ordenen Palmes d'Officier d'Académie av den franske staten. I 1939 fekk ho tildelt Kong Haakon 7.s fortenestemedalje i gull.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Hysing-Dahl, C. (2007). Billedhuggeren Ambrosia Tønnesen. Bergen: Skrifter / Bergens historiske forening
- Veiteberg, J. (2009). Ambrosia Tønnesen : "Stenhugger i det fine" : ein biografi. Oslo: PAX
- Wiborg, T. (1982). «Med hammer og meisel – Ambrosia Tønnesen, Noregs første profesjonelle billedhugger», i Vogt, K., red.: Den skjulte tradisjon. Skapende kvinner i kulturhistorien. Oslo: Sigma
Faktaboks
- KulturNav-ID
- dc5b173b-a221-4917-bc0a-bc0d94483749
- Historisk befolkingsregister-ID
- pf01052329001931
Kommentarar (3)
skreiv Tora Saue
svarte Øyvind Reisegg
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.