Prolog til Landslova frå Codex Hardenbergianus

Landslova var ei lov for heile landet som vart innført av Magnus Lagabøter i 1274. Illustrasjonen øvst til venstre syner Magnus Lagabøter som gir lova til ein lagmann. Teksten er prologen til Landslova. Biletet er frå lovboka Codex Hardenbergianus frå 1300-talet. Manuskriptet finst i Det kongelege danske bibliotek i København.

Ad Fontes / Det kongelege danske bibliotek.
Landslova
Eit manuskript av Landslova (NB Ms.4° 1 30v–31r) som ligg på Nasjonalbiblioteket i Oslo, og som er frå perioden 1300–1325.
Landslova
Av .

Magnus Lagabøters landslov, ofte berre kalt Landslova, er ei tidlegare lovbok for Noreg. Ho tredde i kraft i 1274 under kong Magnus Lagabøter. Landslova avløyste dei fire landskapslovene (Frostatingslova, Gulatingslova, Eidsivatingslova og Borgartingslova). Dimed fekk landet for første gong ei felles lovbok. Lovboka vart òg nytta på Orknøyane, Shetland og Færøyane, medan Island fekk ei eiga lovbok, Jónsbók. Landslova vart nytta i over 400 år.

Faktaboks

Også kjend som

Landslova, Landsloven

Historia om Landslova tok truleg til med eit større lovreformarbeid alt under kong Håkon 4. Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263. Kong Magnus 6. Håkonsson vidareførte arbeidet. Han fekk seinare tilnamnet Lagabøter (lovforbetraren) som følgje av lovarbeidet.

Landslova var ei av få riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i Europa i høgmellomalderen. I tillegg gav Magnus Lagabøter ei bylov i 1276, ei hoff- og administrasjonslov rundt 1277, og den islandske lovboka i 1281. Bylova og den islandske lovboka bygde på Landslova, og var berre delvis sjølvstendige lovbøker.

Landslova bygde på ein romersk lovgjevingstradisjon og kom til etter inspirasjon frå lovgjevingsarbeid i Castilla. Ho fornya norsk rett i høgmellomalderen og knytte ho til europeisk rettsutvikling. Landslova var òg viktig for etableringa av ein norsk identitet innan ulike politiske rammer, fram til ho vart avløyst av Christian 5. si norske lov i 1687.

Det finst ikkje noko bevart originalmanuskript av Landslova, men det er over 30 manuskript frå 1350 eller tidlegare, som forskarar har arbeidd med. Til 750-årsjubileet i 2024 ga Nasjonalbiblioteket ut ei ny omsetjing av Landslova. Ho er på bokmål og tilrettelagt for eit allment publikum.

Håkon 4 Håkonsson og Den nye lova

Inspirasjonen til lovreformasjonsarbeidet kan knyttast til relasjonane og kontakten kong Håkon 4. Håkonsson oppretta med styresmaktene i Castilla i Spania. I 1258 vart prinsesse Kristina, dottera til kong Håkon 4., gift med prins Filipus, bror av kong Alfons 10. Hundre personar frå kong Håkon 4. sitt hoff reiste til Castilla i samband med giftingsferda. Her fekk dei kjennskap til arbeidet med det lovverket som skulle verta kjent som Las Siete Partidas. Dette var det største og mest imponerande lovverket i Europa etter samlinga av romersk rett i 529–534 i det som vart heitande Corpus juris civilis, og før Landrecht für die preußischen Staaten av 1794.

Tanken om å regulera mange samfunnsområde gjennom lovgjeving, vaks i mellomalderen fram med studiet av romersk rett på norditalienske universitet frå midten av 1100-talet. Den fyrste europeiske monark til å gje ei lovbok for sitt rike, var Fredrik 2. av Sicilia i 1231. Hans lovbok stod likevel mest i same fredslovgjevingstradisjonen. Det vil seia at lova var mest retta mot straff og prosess, og i mindre grad regulerte andre samfunnsområde. Den andre monarken som gav ei lovbok som dekte heile riket, var kong Alfonso 10. i 1265. Lovboka, som vart heitande Las Siete Partidas, var ferdig i 1265, og var eit forsøk på omfattande samfunnsregulering gjennom lov. Då medlemmane av det norske hoffet kom heim frå Castilla i 1259, kunne dei fortelja om lovbokarbeidet som var på gang.

Arbeidet med Las Siete Partidas byrja med at ein samla all eksisterande rett i Castilla og laga eit idégrunnlag for lovreforma. Det same mønsteret følgde ein i Noreg. Rundt 1260 vart Gulatingslova og Frostatingslova skrivne ned. Då vart òg Kongsspegelen skriven, slik vi kjenner han i dag. Det var eit daningsverk i tre bøker, der tredje boka handlar om kva ein skal ta omsyn til når ein endrar retten. Samla sett ser det difor ut til at det kastiljanske lovarbeidet vart avgjerande for lovreformarbeidet i Noreg.

Arbeidet med Landslova av 1274 byrja under styret til kong Håkon 4. Ei samling av hans lovgjeving er skriven inn som eit innleiande kapittel i eit manuskript av Frostatingslova frå om lag 1260 og vart kalla Den nye lova. Håkon 4. stod i ein europeisk fredslovgjevingstradisjon, og det var særleg den gamle hemnretten han ville til livs. Men Den nye lova endra òg retten på andre viktige samfunnsområde, og var ei samanfatting og ei avslutting på eit minst 20 år langt reformarbeid. Samstundes innleidde Den nye lova det nye, store lovreformarbeidet, som vart avslutta av Magnus 6. Håkonsson (Lagabøter) om lag 20 år seinare.

Magnus Lagabøter og Landslova

Håkon 4. døydde i 1263, og sonen Magnus Lagabøter tok over styret av Noreg og lovreformarbeidet. I 1267 la Magnus Lagabøter fram ei revidert lovbok for Gulating, som òg var gjeldande for vesterhavsøyane Orknøyane, Shetland og Færøyane. I 1268 fekk Eidsivating og Borgarting sine omarbeidde og oppdaterte lovbøker. Men i 1269 avviste Frostating den reviderte lovboka som kongen la fram. Bakgrunnen var at kongen i for stor grad regulerte kristenretten, som erkebiskop Jon Raude meinte berre kyrkja kunne røra ved. I Noreg hadde konge- og kyrkjemakt tidlegare samarbeidd om utforminga av kristenrettane. Innhaldet i Magnus Lagabøter sin kristenrett representerte heller inga utfordring for kyrkja. På nokre punkt gjekk han faktisk lenger i å ta inn kyrkjerett, kalla kanonisk rett, i norsk rett enn det erkebiskopen seinare sjølv gjorde.

Etter nederlaget på Frostating leid kongen eit nytt nederlag på Island. Her vedtok Alltinget berre mindre delar av den reviderte lovboka for denne delen av det norske riket. Fyrst i 1273 vart heile lovboka, seinare kalla Jarnsíða, vedteken. Same året inngjekk kong Magnus Lagabøter og erkebiskop Jon Raude ein avtale om grensa mellom lovgjevingsmakta til konge og kyrkje. Vinteren 1273–1274, medan erkebiskopen var på reise for å få paveleg godkjenning av avtalen, vart arbeidet med Landslova sluttført i kanselliet ved kongen sitt slott i Bergen. Anna Catharina Horn har vist at mest truleg omarbeidde og forbetra ein då lovboka som vart vedtatt på Gulating i 1267.

Ei tolking av islandske annalar gjer det truleg at Lovboka vart fyrst vedtatt på Frostating sommaren 1274. Det hasta nok mest med å få vedtatt lovboka på Frostating av to grunnar. For det fyrste var det berre Frostating som ikkje fekk ny lovbok i 1267 og 1268. For det andre var erkebiskopen bortreist, og dermed var det mindre sjanse for at det vart organisert ein motstand mot lovgjevinga slik det vart i 1269. Seinare vart Landslova vedtatt på Gulating, Borgarting og Eidsivating kvar for seg.

Landslova var eins for heile riket, med unnatak for Island. På den eine sida bygde Landslova på reglar henta frå dei fire landskapslovene. Forskinga til Brage Thunestvedt Hatløy viser at om lag ein fjerdedel av Landslova er henta direkte får eldre rett, ein like stor del er litt omarbeidd eldre rett, ein fjerdedel er mykje omarbeidd eldre rett, og like mykje er ny rett. På den andre sida gjorde dette likevel at kvart av lagdøma fekk inn store delar av rett frå dei andre tre lagdøma. Dette førte til ei større rettsendring enn den romerske og kanoniske retten som òg prega Landslova.

Vidare vart mange reglar henta frå landskapslovene, endra på sentrale punkt. Dette fordi Landslova var tufta på den juridiske differensieringsteknikken som var utvikla med universitetsstudia av romersk og kanonisk rett frå midten av 1100-talet. Det gjorde at dommarane etter Landslova skulle vurdera ei sak frå alle sider og sjå til at dommen vart så nyansert og tilpassa omstenda at Gud ville vera nøgd med han, som det heiter i Landslova. Dette var eit viktig instrument for å mildna dei meir brutale delane av landskapslovene og var årsak til den store endringa av norsk rett som følgde med Landslova.

Innhald

Ei side frå Landslova
På denne sida (28v) i manuskriptet NB Ms.4° 1 finn vi både regelen om tiggarar og om bot for seksuell omgang med andre si kone. Begge lovreglane står på slutten av Mannhelgbolken i Landslova. I tillegg finst det på denne sida fleire innskot i margen. Dette er reglar som ikkje finst i alle manuskript, og som i dette manuskriptet ser ut til å vera innført som ei påminning om kva som òg kan vera rett. Det lengste margtilskotet nedst på sida, gjeld jamningseid. Dette er ei ordning som vart oppheva på riksmøtet i 1271, men det er uvanleg å finna forbodet mot denne typen eid i manuskript av Landslova av 1274. Manuskriptet MS. 4° 1, som her er avbilda, vert i dag oppbevart på Nasjonalbiblioteket i Oslo, og er datert til perioden 1300–1325.
Ei side frå Landslova
Av .

Landslova er delt i ni bolkar.

  1. Tingfarebolken – om rettssystemet
  2. Kristendomsbolken – om kongemakta
  3. Landevernsbolken – om forsvaret av riket
  4. Mannhelgbolken – om vern av liv og eigedom
  5. Arvebolken – om ekteskap og arv
  6. Odelsbolken – om odelsjord
  7. Landsleigebolken – om rettsforhold knytt til jordeigedom med meir
  8. Kjøpebolken – om gjeld, pant og handelsverksemd
  9. Tjuveribolken – om eigedomsbrotsverk og eid som bevismiddel

Kvar bolk er delt i fleire kapittel, og til saman har Landslova om lag 220 kapittel. Kvart kapittel er igjen sett saman av fleire einskildreglar, og det er samla om lag 1000 lovreglar i Landslova. Det er truleg ikkje tilfeldig at Landslova er delt i ni bolkar. Det same var Codex, slik han vart kjend i mellomalderen. Codex var ei samling keisarleg lovgjeving, og ein del av romarrettssamlinga Corpus juris civilis, som vart studert på norditalienske universitet frå 1100-talet av. Ved å ha same talet på bolkar i Landslova som det var i Codex, ville Magnus Lagabøter visa at han stod i same lovgjevingstradisjonen som dei romerske keisarane.

Dette ser ein òg av at han la til ein tiande bolk med rettarbøter. I Corpus juris civilis vart Codex etterfølgd av Novelle. Dette var ei samling av keisarlege lover frå etter at Codex var samla i 532 og fram til keisaren Justinian 1, som samla lovene, døydde i 565. Magnus Lagabøter trong ikkje samla sine rettsforbetrande lover, fordi dei var alt tekne inn i sjølve Landslova. Men han gjorde det truleg for at Landslova med rettarbøter skulle vera ein parallell til Codex med Novelle.

Ulike versjonar og legitimitet

Landslova
Ei utgåve av Magnus Lagabøters landslov, handskriftet AM 305 fol. frå rundt 1300.
Landslova
Av .

Noko originalmanuskript av Landslova frå 1274 er ikkje bevart. Dei to eldste manuskripta er fyrst frå slutten av 1200-talet. Dermed kan ein ikkje vita sikkert kva innhald Landslova hadde i 1274. I dag er det bevart 35 manuskript av Landslova frå 1350 eller tidlegare. Dei fleste er bundne saman med andre lovtekstar og anna materiale. I tillegg finst det om lag 50 unike manuskriptfragment.

Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck har vist at det dels er store variasjonar mellom manuskripta når det gjeld innhald, og og Anna Catharina Horn har vist det same når det gjeld disposisjon. Dette var ein klar over alt i høgmellomalderen. Det er difor ikkje overraskande at Landslova ikkje vart brukt etter sin bokstav. Men Landslova vart nytta etter si ånd. Det store talet på bevarte manuskript og unike manuskriptfragment gjorde det mogeleg at det i 1350 fanst eitt manuskript av Landslova per 1150 innbyggjarar i det norske riket. Dette indikerer stor popularitet og bruk.

Det vart etter Magnus Lagabøter sin død i 1280 og fram til 1350 gjort ein heil serie lovvedtak for heile eller delar av det norske riket. Dette indikerer at Landslova var byrjinga på ein lovgjevingstradisjon som raskt fekk stor legitimitet. Landslova verka òg samlande og vart ei kjelde til norsk identitet innan ulike politiske rammer.

Bylov for Bergen og lovbok for Island

Magnus Lagabøter følgde opp arbeidet med Landslova på fleire hald. I 1276 gav han ei bylov for Bergen, som seinare også vart gjeven for dei andre byane. Bylova bygde på Landslova, men ein stad mellom 30 og 50 prosent av reglane er ulike. Ein gong på 1270-talet, mogelegvis i 1277, gav kongen ut Hirðskrá. Hirðskrá kan ein kalla ei hoff- og administrasjonslov, då ho hadde reglar om medlemmane av kongen sitt hoff og hans tenestemenn. Denne lovboka er ikkje meir omfattande enn dei lengste av bolkane i Landslova.

Magnus Lagabøter rakk òg å avslutta arbeidet med ei ny lovbok for Island før han døydde i 1280. Lovboka, som seinare er kalla Jónsbók, vart vedteken av Alltinget i 1281.

Medan Landslova av 1274 i 1687 vart avløyst av Christian 5. si norske lov, var Bylova av 1276 gjeldande rett til Christian 4. sin birkerett frå 1621, Hirðskrá frå rundt 1277 var formelt gjeldande til Kongelova av 1665, og mindre delar av Jónsbók frå 1281 gjeld framleis på Island i dag.

Tilnamnet Lagabøte eller Lagabøter

Det går fram av kongeløftet som ein ny konge etter Landslova skal sverja, men òg fleire andre reglar, at kong Magnus såg seg sjølv som ein konge i rekka etter Olav den Heilage som gav lover for det norske riket. Dette gjorde kongen i samarbeid med dei som byggjer landet (þeirra er landet byggia), som både kan visa til dei som rådgav kongen og dei som møtte på lagtinga. Kongeeiden sonen hans, kong Eirik 2. Magnusson, sverja indikerer at kongen på denne tida meinte å ha legitimitet til å endra dei lovene som var vonde i Guds augo. Dermed hadde ikkje kongen legitimitet til å endra all eksisterande rett, som var skapt på av tingmennene på lagtinget.

Dette biletet av ein konge som gjev lover for å utvikla eksisterande rett, stemmer godt med korleis kongen presenterer seg sjølv i brevet til lagtinget som vart skriven inn i landslovsmanuskripta som ein fortale til Landslova. Det stemmer òg godt med den alt nemnte forskinga til Hatløy. Det var difor ganske presist når kong Magnus 6. på Island på 1400-talet vart kalla lovforbetraren, lagabætir. Dette tilnamnet har seinare festa seg til kongen.

Lagabætir vart på norsk på Lagabøter i bøker, tidsskrift og aviser frå fyrste halvdel av 1800-talet. Lagabøte er fyrste gong brukt på norsk på slutten av 1800-talet, og vart ikkje meir vanleg før frå 1960-talet av. Det var likevel fyrst på 1990-talet at Lagabøte vart meir nytta enn Lagabøter i bøker, på 2000-talet at det vart meir vanleg i aviser, og på 2010-talet at det vart meir vanleg i tidsskrift. Dersom ein òg ser på gatenamn, så heiter det Magnus Lagabøters veg i Stavanger, Tønsberg og Trondheim, og Magnus Lagabøtes plass i Bergen.

Det var delvis nynorskbrukande forskarar som Halvdan Koht, Gustav Indrebø og Knut Robberstad som tok i bruk Lagabøte i staden for Lagabøter, noko som vart tilrådd alt av Ivar Aasen. Til dømes Finn-Erik Vinje har seinare diskutert dei to skrivemåtane. Det er likevel uklart kvifor Lagabøte langsamt vart meir og meir brukt etter 1960-talet i både bokmål og nynorsk, og til slutt vart meir brukt enn Lagabøter dei siste tiåra.

Forsking og kjeldekritiske utgåver

Keyser og Munchs arbeid med mansuskript

Historikarane Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch førte systematisk oversikt over kva variasjonar ein fann i dei ulike manuskripta. Det gjorde dei med å setja inn eit fotnoteteikn i teksten for å markera ein variasjon. Deretter oppgav dei i fotnoten kva variasjonar ein fann i ulike manuskript. For at eit slikt system skulle fungera reint praktisk, laga Keyser og Munch ei ordning der alle manuskript fekk ein bostavkode. Fyrste bokstaven er enten G, F, E eller B alt etter om manuskriptet var skrive for å brukast på Gulating, Frostating, Eidsivating eller Borgarting. Det er normalt å omtala kvar av desse manuskriptgruppene inndelt etter lagdøme, som redaksjonar. Deretter er manuskripta gjeven ein bokstav frå a og utetter for å skilja dei innan kvar redaksjon.

Keyser og Munchs arbeid med mansuskript
Nasjonalbiblioteket.

Landslova har vore omfatta med stor interesse frå forskarar som kjelde til kunnskap om rettshistorie, norrønt språk og mellomalderhistorie generelt. Ein veit ikkje nøyaktig kva som stod i originalutgåva i Magnus Lagabøters landslov, men ein nyttar dei ulike manuskripta ein kjenner til og utarbeider sokalla tekstkritiske utgåver som gir informasjon om opphav og variasjon.

I 1751–1752 gav Hans Paus ut all norsk rett frå mellomalderen til 1669 i tobandsverket Samling af Gamle Norske Love. Her omsette han òg Landslova til dansk. Dette var viktig for den store interessa for norsk mellomalderrett fram mot 1814. I 1817 kom Landslova ut på ny, denne gongen omsett til både dansk og latin.

I perioden 1835–1837 reiste historikarane Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch rundt på stortingsstipend til bibliotek og samlingar i Skandinavia for å laga avskrifter av mellom anna Landslova, med tanke på ei kjeldekritisk utgjeving på norrønt. Landslova vart publisert i 1848 i andre bandet av det fem band store verket Norges gamle Love som kom ut i perioden 1846–1895. Men berre eit utval av variantane i manuskripta av Landslova vart teke med i utgjevinga. Det var denne utgåva av Landslova som Absalon Taranger la til grunn for si omsetjing til riksmål i 1915. Taranger tok i liten grad omsyn til variantane i manuskripta, men gjorde derimot ei førebels undersøking av opphavet til dei ulike lovreglane i Landslova. Rudolf Meissner si utgåve av Landslova på tysk i 1941, som ein del av ein serie med «Germanenrecht», er òg tufta på den kjeldekritiske utgåva til Keyser og Munch, og heller ikkje den tek omsyn til variantane.

Arbeidet med omsetjing og kjeldekritiske utgåver har sett fart fram mot jubileet i 2024, og digitaliseringsarbeidet har gjort det lettare for forskarar og ålmenta å få tilgang til manuskripta. Fleire norrøne handskrifter av Landslova ligg no føre i digitale utgåver hos Medieval Nordic Text Archive (Menota), og Nasjonalbiblioteket har fotografert og gjort eit manuskript tilgjengeleg (Bokhylla).

Landslovsprosjektet 2014–2024 ved Det juridiske fakultet i Bergen og Nasjonalbiblioteket samarbeida om å laga ei trykt og digital utgåve av Landslova, med alle tekst- og disposisjonsvariantar. Arbeidet vart leia av professor emeritus Magnus Rindal, som tok utgangspunkt i Keyser og Munch sitt arbeid, som vart kontrollert, gjennomarbeidd og supplert. Det tekstkritiske arbeidet vart publisert i trykt form i 2018 og digitalt i 2020. Det vart deretter lagt til grunn for ei normalisert utgåve av Landslova og ei omsetjing til moderne norsk som kom ut i 2024.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Video

Kjelder

Lovteksten

  • Magnus Lagabøters landslov, i omsetjing av Absalon Taranger frå 1915. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøters landslov, i norrøn utgåve av Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch frå 1848. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøters landslov og andre lovtekster, utgåver av norrøne handskrifter hos Medieval Nordic Text Archive.
  • Magnus Lagabøters landslov, Gulatingsversjonen i NB Ms.4° 1, heile boka fotografert. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøters landslov, norrøn tekst med fullstendig variantapparat, del 1 og 2, utgjeven av Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck i 2018.

Litteratur

  • Horn, Anna Catharina. 2018. Lovrevisjonene til Magnus Håkonsson Lagabøte – en historiografisk gjennomgang. Mål og Minne 2 2018, sider 1–27.
  • Opsahl, Erik. 2009. I hvilken grad oppstod norsk nasjonalfølelse og identitet i middelalderen?. I: Samuel Edquist, Lars Hermanson og Stefan Johansson, red., Tankar om ursprung. Stockholm: Statens historiska museum, side 35–52.
  • Rindal, Magnus: «Dei norske mellomalderlovene», i Magnus Rindal (red.): Skriftlege kjelder til kunnskap om nordisk mellomalder, KULTs skriftserie nr. 38, Oslo 1995, side 7–20.
  • Rindal, Magnus. 2018. Magnus Lagabøte og Landslova. I. Rindal, Magnus; Spørck, Bjørg Dale. 2018. Kong Magnus Lagabøtes Landslov : Norrøn tekst med fullstendig variantapparat, del 1, side 77–80. Riksarkivet.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Norwegian Constitutionalism with the Code of 1274. Chapter 10, side 165–185. I: Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Constitutionalism Before 1789 – Constitutional Arrangements from the High Middle Ages to the French Revolution. Pax Forlag. 288 sider. ISBN: 978-82-530-3636-6.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Daughters of God and counsellors of the judges of men – a study in changes in the legal culture in the Norwegian realm in the High Middle Ages. Kapittel 8, side 131–183. I: Brink, Stefan; Collinson, Lisa. 2014. New Approaches to Early Law in Scandinavia. Brepols. 200 sider.

Kommentarar (11)

skreiv Inger Hofseth

Fins det noe i landsloven som kan minne om regler for vern av privatliv, ev husfred?

skreiv Jørn Øyrehagen Sunde

Reglar om husfred finst det i Landslova, slik det finst i eldre lovverk. Reglane vert gjerne knytt til andre fredsreglar, som kyrkjefred, heilagdagsfred, julefred og arbeidsfred. Dette settet med fredsreglar har sitt opphav i ei rørsle frå slutten av 900-talet, med utspring i Sør-Frankrike, som ønskte å avgrensa valdsbruk med å gjera særlege stadar og tidspunkt fredheilage. Det vil seia at bruk av vald slike stadar og tidspunkt var særleg alvorleg. Så husfred var ikkje knytt til privatlivet spesielt, men til vernet mot valdsbruk. Motsatsen til husfred var at ein sjølv hadde større rett til å bruka vald i eigen heim mot inntrengjarar enn andre stadar, utan at det heller er reglar som står i samband med dei idear om privatlivets fred som vi har i dag. Men i Landslova har ein òg vern mot ransaking ved mistanke om eit brotsverk. Dette er reglar som ikkje er knytt til vernet mot valdsbruk, men er heller uttrykk for at det finst ein grense for i kva grad samfunnet sine representantar kan trengja inn i nokon sin heim. Det er ikkje ein regel om privatlivets fred i moderne forstand. Men på eit abstrakt nivå er det likevel ein viss slektskap mellom slike tankar om privatlivets fred i dag.

skreiv Christine Kvalvik Jørgensen

Hei.
Det er sitert av flere at det i Magnus Lagabøters landslov fremgår at «Men siden skulle Bønderne tiære Deres Kirke vel hver 3 vinter». Hvor i loven står denne henvisningen?

svarte Brage Thunestvedt Hatløy

Hei, takk for spørsmål. Det stemmer ikkje som det står einskilde stadar at ei slik plikt følgde av Landslova. Bygging og vedlikehald av kyrkjar vart rekna som del av kristenretten, og som artikkelen skildrar så vart det konflikt mellom kongen og erkebiskopen om kva kongen kunne gi lov om.

Ei plikt til å tjærebre kyrkjer var frå tida før Landslova heimla i Frostatingslova II-7 "Om bygging av fylkeskyrkjer", som i Hagland og Sandnes si omsetjing frå 1994 er formulert som at "Og sidan skal bøndene bre kyrkja si vél tredje kvar vinter." Denne regelen vart tatt med i Erkebiskop Jons kristenrett frå 1273 kapittel 7 "Om å bygge kirke [...]", som i Bjørg Dale Spørck si omsetjing frå 2009 er formulert som "[...] og siden skal den som har oppsynet med kirken, tjærebre den hvert tredje år." Ein finn ikkje ein slik regel i kristenretten som Magnus Lagabøter freista å innføre.

skreiv Mats Linder

Noterer at man i et par av bildetekstene skriver Lagabøte, i stedet for Lagabøter som i artikkelteksten.

svarte Ida Scott

Takk for innspill, det er retta opp nå, slik at det skal være konsekvent gjennom hele artikkelen. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

skreiv Christian Stranger-Johannessen

Kongen omtales som Magnus Lagabøter i denne artikkelen, men Magnus Lagabøte i artikkelen som handler spesielt om ham. Hadde det ikke vært en fordel å bruke samme navn?

svarte Ida Scott

Hei! Som du ser, så er det en liten diskusjon med begrepshistorie nederst i artikkelen. Jeg er enig i at det beste hadde vært å bruke det samme tilnavnet i begge artiklene, men noen ganger blir det sånn fordi fagpersoner kan ha ulikt syn på hvilken navneform som bør brukes. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

skreiv Anders Waage

Jeg skriver på en artikkel i Store medisinske leksikon om årelating som har blitt brukt i medisinsk behandling i 4000 år. Det er den eldste behandling som forsatt er i bruk i moderne medisin. Behandlingen har stått i mot all teknologisk utvikling og gjøres i prinsippet som i tidligere tider. Forandringen er er at det gjøres på kun 3 veldefinerte nye sykdommer og ingen av de tidligere. Det utføres flere enn 10000 terapeutisk årelatinger årlig ved norske sykehus.
I min lesing kom jeg kom over setningen: "Årelating er omtalt i en kongelig forordning fra 1200-tallet". Det var ingen nærmere opplysninger eller kildehenvisning, og jeg har foreløpig ikke funne noe mer om dette.
Har du noen opplysninger, eventuelt en kilde som jeg kan se nærmere på. Var det en del av Magnus Lagabøters arbeid ?
Takknemlig hvis du har opplysninger om dette

svarte Brage Thunestvedt Hatløy

Hei, takk for spørsmål. Årelating er nemnt i Kong Eirik 2. Magnussons sin skipan/rettarbot om handel i Bergen, datert 16. september 1282 ("Norges gamle Love indtil 1387" bind III s. 15). I eit lengre kapittel om ulike handverk og tenester i byen, så står det at "Barberr penning veghin undir bloðlat", som vil seie at barberarar skal ta ein vegd (sølv)penning i betaling for blod/årelating. Som du heilt sikkert allereie er klar over, men til informasjon for dei som kanskje stiller spørsmålsteikn ved dette, så var det vanleg for barberarar i den tida å gjere kirurgiske inngrep ved sida av å klippe hår og skjegg. Regelen er også omtala i Knut Helle "Bergen bys historie" bind 1 "Kongssete og kjøpstad: Fra opphavet til 1536" (s. 437).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg