Sankt Helena, Ascension og Tristan da Cunha er eit britisk oversjøisk territorium som består av øyane Sankt Helena, Ascension og øygruppa Tristan da Cunha.
Ascension vart underlagd Sankt Helena i 1922 og Tristan da Cunha i 1938. Territoriet heitte 'Sankt Helena og avhengige område' (Saint Helena and Dependencies) fram til 1. september 2009, då ei ny grunnlov, som gav dei tre områda likeverdig status innan territoriet, tredde i kraft.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.