Dike

Skjematisk tverrsnitt av dike ved nordsjøkysten.

Av /KF-arkiv ※.
Dike (stenging i Nederland)

Dikestenging i Nederland. På grunn av tidevatnet må den avsluttande lukkinga skje raskt. Det blir brukt store betongkasser som må slepast på plass, senkast og fyllast med betong. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Dike er ein jordvoll som skal verne lågtliggjande land mot overfløyming. I Noreg blir omgrepet flaumverk brukt om vollar som er laga for å flaumsikre elvar. For å førebyggje overfløyming ved flaum blir det gjerne bygd mellombelse dike av sandsekker.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt diki ‘gjørmehol’, i slekt med nederlandsk dijk

Mest kjende er dika langs den danske, tyske og nederlandske Nordsjøkysten. Desse er laga til vern mot stormflod og for å tørrleggje grunt hav langs kysten. Særleg i Nederland er dike nytta til landvinning av store område som tidlegare var under grunt brakkvatn eller hav.

Omgrepet dike kan også brukast om dreneringsgrøfter.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg