Skikken med slektsnamn kom til Noreg frå Danmark, som igjen følgde tysk namneskikk. I 1526 oppmoda kong Frederik I adelen om å ta i bruk slektsnamn, som dermed skulle følgja alle medlemmene av same slekta. Ofte var eldre tilnamn etter slektsvåpen opphavet til slektsnamn.
I Noreg kjenner vi mot slutten av mellomalderen døme på at individuelle tilnamn som Bolt, Darre og Mus, kan få funksjon som slektsnamn, men dei vert borte framover mot 1600. I tida etter 1500 dukkar dei første slektsnamna av tilnamn av dansk opphav opp, som Friis ‘person frå Friesland’ (Peder Claussøn Friis, f. 1545) og Beyer ‘person frå Bayern’ (Absalon Pederssøn Beyer, f. 1528).
Slektsnamn fekk frå 1600-talet av status blant nordmenn i øvre sosiale lag. Etter skikken i Danmark kunne namnet òg hentast frå gards- eller soknenamn: Ludvig Holberg (f. 1684) hadde etternamnet etter faren frå garden Holberg i Trøndelag; offisersslekta Synnestvedt bar namn etter Torbjørn O. Synnestvedt, fødd på garden Sygnestveit i Ulvik i 1688; lagmann Lauritz A. Undall (f. 1631) hadde namn etter bygda Audnedal i Vest-Agder.
Framover mot 1800-talet dominerte slektsnamn av dansk-tysk opphav blant embetsmenn, prestar, offiserar og innvandra handverkarar og kjøpmenn, særleg i Bergen. Den dominerande typen er yrkesnamn som Møller ‘møllar’, Schmidt ‘smed’, Schrøder ‘skreddar’, Schumacher ‘skomakar’; andre er innbyggjarnamn som Friis, Beyer, Holst ‘person frå Holstein’; tilnamn etter utsjånad Bruun ‘den brune’, Groth ‘den kraftige, store’, Schwartz ‘den mørke’; etter høgtider og årstider Juul, Paasche, Sommar; etter dyreriket Due, Falch, Muus.
Kommentarar (2)
skreiv Marit Ness
Når folk skifter etternamn, t.d. ved giftarmål, er det reglar for korleis ein bruker det gamle namnet? Kan ein nemna personen med jentenamnet dersom ein skriv om tida før ekteskapet? Og er det god skikk og bruk å veksla mellom gammalt og nytt etternamn i ein tekst, alt etter som ein skriv om tida før eller etter?
For folk som ikkje har patronym som offisielt mellomnamn, er det då ufint å slenga det på i enkeltståande tilfelle eller ville det vera heilt greitt? Ein måtte då velja farsnamnet eller morsnamnet, men det ville kanskje ikkje vera veldig nøye kva ein valde, i tilfelle.
svarte Gulbrand Alhaug
Hei!
I ein del samanhengar vil det ha interesse å få fram kva for etternamn ei kvinne hadde før ho vart gift. Dette gjeld bl.a. i dødsannonsar der det t.d. kan stå:
Sigrid Dahl,
fødd Iversen,
døde 7.7.2021
Her er altså Iversen det etternamnet ho hadde før ho gifta seg. Etternamn av denne typen kan kallast jentenamn på nynorsk, mens pikenavn ofte er brukt på bokmål. Det vil avhenge av samanhengen når det vil vera relevant å nemne kva for etternamn kvinna hadde før ho gifta seg (altså jentenamnet). I namneloven finst det ikkje spesielle formuleringar om når det høver å bruke jentenamnet.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.