Det urindoeuropeiske konsonantsystemet kan setjast opp slik, i IPA-transkripsjon:
labial |
koronal |
palatal |
velar |
labialisert velar |
p |
t |
c |
k |
kʷ |
b |
d |
ɟ |
ɡ |
ɡʷ |
bʰ |
dʰ |
ɟʰ |
ɡʰ |
ɡʰʷ |
|
s |
ç |
x |
xʷ |
|
|
ʝ |
ɣ |
ɣʷ |
m |
n |
|
|
|
w |
l |
j |
|
|
|
r |
|
|
|
Når sonorantane m, n, w, l, j og r ikkje hadde ein vokal føre eller etter seg, blei dei uttalte syllabisk (stavingsberande). Dette kan illustrerast med *(d)cmtóm 'hundre' (stjerna * viser at det er ein historisk rekonstruksjon utan skriftleg belegg), der den første m-en blei uttalt syllabisk og den andre asyllabisk.
Ein har rekonstruert tre rekkjer med plosivar, (i) ustemde (p t c k kʷ), (ii) stemde uaspirerte (b d ɟ ɡ ɡʷ) og stemde aspirerte (bʰ dʰ ɟʰ ɡʰ ɡʰʷ).
Det er vanleg i indoeuropeisk språkvitskap å skrive y i staden for j. Vidare blir dei palatale plosivane som regel skrivne ḱ, ǵ, ǵʰ.
Dei seks frikativane ç, x, xʷ, ʝ, ɣ, ɣʷ blir i indoeuropeisk språkvitskap noko misvisande omtalte som «laryngalar», på grunn av eldre hypotesar om korleis dei blei uttalte. I faglitteraturen blir dei som regel skrivne med ein stor H med eit senka tal etter, utan skilje mellom dei ustemde og dei stemde:
- H1 = ç / ʝ
- H2 = x / ɣ
- H3 = xʷ / ɣʷ
Når kvaliteten til «laryngalen» er ukjend, utelèt ein talet, som i substantivet *pHtéːr 'far' (nominativ eintal).
Desse laryngalane fall bort i dei ikkje-anatoliske (= nord-indoeuropeiske) språka, men har etterlate seg ulike «fargingar» (endringar i kvaliteten) til vokalar dei stod ved sida av.
Urindoeuropeisk hadde eit enkelt vokalsystem, med fem korte og fem lange vokalar: i, e, a, o, u, iː, eː, aː, oː, uː. I indoeuropeisk språkvitskap er det vanleg praksis å markere vokallengd med ein strek oppå vokalteiknet: ī, ē, ā, ō, ū.
Urindoeuropeiske ord hadde normalt ei aksentuert staving, det vil seie ei staving med ein høgare tone enn dei andre stavingane. I transkripsjonen er denne høge tonen markert med ein akutt-aksent, som i *(d)cmtóm 'hundre' og *pHtéːr 'far' (nominativ eintal).
Kommentarar (2)
skreiv Simen Olsen
svarte Pål Johansen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.