Modus er opphavleg ein grammatisk kategori ved verbet i gamalgresk og latin som uttrykkjer korleis den som snakkar eller skriv, brukar og stiller seg til innhaldet i ei setning: Er det til dømes ei oppmoding, ein ordre, ein påstand eller eit ønske?
Modus kan då seiast å uttrykkje ulike kommunikative funksjonar, som i desse norske setningane:
- Påstand: Maten står på bordet. — Jamfør modusen indikativ.
- Ordre: Et opp maten din! — Jamfør modusen imperativ.
- Oppmoding: La oss alle be. — Jamfør modusen konjunktiv.
- Ønske: Gjev eg var i eit varmare land! — Jamfør modusen optativ.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.