Preteritum er ei fortidsform av verbet, som norsk reiste og drakk:
- Ho reiste heim i går.
- Han drakk opp heile flaska.
Preteritum høyrer heime i den grammatiske kategorien tempus eller verbtid. Hovudfunksjonen til tempus er å plassere ein situasjon i høve til ytringstidspunktet. Preteritum plasserer situasjonen i fortid, det vil seie før ytringstidspunktet. Ytringstidspunktet er den augneblinken då noko blir sagt eller skrive.
Preteritum står i motsetnad til presens (notid, der situasjonen er samtidig med ytringstidspunktet) og futurum (framtid, der situasjonen er etter ytringstidspunktet), som vist i denne tabellen, der ytringstidspunktet er kalt no:
før no |
no | etter no |
preteritum | presens | futurum |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.