Det som i denne artikkelen er kalla tempus, kan meir presist kallast absolutt tempus, som må skiljast frå relativt tempus. Som forklart ovanfor, er (absolutt) tempus definert ut ifrå ytringstidspunktet — tidspunktet då ei setning blir ytra. Relativt tempus er derimot definert ut ifrå referansetidspunktet — eit tidspunkt som er omtalt eller underforstått.
På same vis som vi har dei (absolutte) tempusa preteritum, presens og futurum, har vi dei relative tempusa relativ preteritum, relativ presens og relativ futurum.
Det norske verbet har ikkje former som uttrykkjer relativ tempus heilt uttrykkjeleg, men tydinga til relativ preteritum kan forklarast med uttrykket etter å ha halde tale, som viser til noko som skjer før referansetidspunktet, som kan vere i fortida, notida eller framtida:
- Før eit tidspunkt i fortida: Etter å ha halde tale sette han seg ned att.
- Før notida: Etter å ha halde tale set han seg som regel ned att.
- Før fortida: Etter å ha halde tale vil han nok setje seg ned att.
Emnet er utdjupa i artikkelen relativt tempus.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.