Faktaboks

Håkon Håkonsson

Håkon Unge; Håkon den unge; Håkon Håkonsson unge

Fødd
11. november 1232, Bergen
Død
5. mai 1257, Tønsberg
Gravlagd stad
St. Hallvardskyrkja i Oslo
Verke
Kongsson og medkonge
Familie

Foreldre: Kong Håkon 4. Håkonsson (1204–1263) og dronning Margrete Skulesdotter (1208– 1270).

Gift hausten 1251 i Oslo med Rikitsa Birgersdotter (1237– 1288).

Far til Sverre Magnus («Junker Sverre», d. 1260/1261).

Bror til kong Magnus 6. Håkonsson Lagabøte (1238–1280) og Kristin Håkonsdotter (1234–1262).

Margretes psalter
Håkon den unge var son av Håkon 4. Håkonsson og Margrete Skulesdotter. Illuminasjon fra Margretes psalter som viser en Kristus-figur (til høgre) saman med eit krona kongepar som kanskje skal førestille Håkon og Margrete, og lengst til venstre den eldste sonen Håkon den unge.

Håkon Håkonsson var ein norsk kongsson, eldste son av kong Håkon Håkonsson og Margrete Skulesdotter.

Håkon Håkonsson Unge fekk kongsnamn våren 1240, før den avgjerande striden mellom faren og hertug Skule Bårdsson, kongens svigerfar og Håkon den unges morfar. Håkon Unge blir i sagaene skildra som ein evnerik mann, med viktige militære og politiske oppgåver i riksstyringa. Han døydde imidlertid før faren, og den yngre broren Magnus Lagabøte etterfølgde faren som konge.

Kongsnamn

Konungstekja av Håkon Unge på Øyrating i Nidaros skjedde 1. april 1240, og handlinga vart gjentatt for ei meir riksrepresentativ forsamling i Bergen 12. april. Bakgrunnen for seremoniane var hertug Skules opprør mot Håkon Håkonsson. Tronfølgen (suksesjonen) skulle liggje fast dersom Håkon Håkonsson fall ifrå. Samtidig innebar Håkon Unges kongsnamn at legitimitetsprinsippet i arvefølgja var akseptert, då kandidaturet til ein eldre uektefødd halvbror ikkje vart aktualisert. Det er også naturleg å sjå avgjerda som eit uttrykk for arveretten som tronfølgjerettsleg grunnprinsipp. Ifølgje Håkon Håkonssons saga nekta derimot gamlekongen å ta standpunkt til einekongedømet så lenge begge hans to ektefødde søner Håkon Unge og Magnus levde.

Ekteskap

Våren 1249 vart Håkon Unge trulova med Rikitsa, dotter til den reelle svenske riksstyraren Birger Magnusson jarl, og hausten 1251 vart dei vigde i Oslo. Ekteskapet var ledd i ei omorientering av norsk utanrikspolitikk, der Danmark skulle setjast under militært og politisk press. Føresetnaden for denne politikken var at norsk-svenske tvistemål vart rydda til side. Håkon Håkonsson såg vidare for seg ein allianse mellom dei to grannerika retta mot Danmark. Giftarmålet vart eit ytre uttrykk for denne politikken og for fred og vennskap over Kjølen. Håkon Håkonssons saga legg stor vekt på å skildre dei nære og gode relasjonane mellom Håkon Unge og svigerfaren.

Medkonge

I sagaskildringa av Håkon Håkonssons kroning i Bergen sumaren 1247 er Håkon Unge nemnt først saman med faren i kategorien «verdslege høvdingar», og han bar krona i prosesjonen frå kongsgarden til Kristkyrkja. Som myndig kom han no – som medkonge – med i regjeringskrinsen kring kongen, med særskilt status og særskilt ansvar. Saman med faren er han medbeseglar av freds- og handelstraktaten med Lübeck 6. oktober 1250, der han opptrer som den første i vitnelista.

Frå 1249 deltok Håkon regelmessig i stemneleidang og krigstog til det nordiske grenseområdet ved Göta älv. Han deltok aktivt i herjingstoktet mot Halland sumaren 1256, og om hausten hadde han hovudansvar for innkrevjinga av eit stort krigsbytte. Sommaren 1255 sende han forhandlarar til kongen av Castilla for å tinge om giftarmål for søstera, prinsesse Kristin. Det ser ut til at han hadde ansvaret for denne spanske kontakten like til han døydde. Det tyder på at han hadde ei sjølvstendig politisk rolle i riksstyringa.

Omsetjing av litteratur

Soga om den islandske biskop Gudmund Arason (Guðmundar saga biskups) fortel at «Hákon konúngr úngi» omsette den religiøse forteljinga Barlaams ok Josaphats saga frå latin til norrønt mål. Etter samanhengen synes forfattaren av bispesoga å identifisere Håkon Unge med Håkon 3. Sverresson (død 1204). Opplysninga om omsetjaren er usikker, men dersom ho er autentisk, må det av tekstkritiske grunnar vere Håkon Håkonsson Unge som er meint. Arbeidet fell også godt inn i den høviske omsetjartradisjonen ved Håkon Håkonssons hoff. Spørsmålet om Håkon Unge i så fall omsette forteljinga sjølv, eller berre formidla oppdraget, veit vi ikkje noko om.

Død og ettermæle

Håkon Unge vart sjuk våren 1257 og døydde i Munkeliv kloster (Olavsklosteret) i Tønsberg 5. mai. Han vart gravlagd i St. Hallvardskyrkja i Oslo, ved sida av kong Sigurd Jorsalfare. Prinsesse Rikitsa reiste året etter attende til Sverige, og ho gifta seg nokre år seinare med den nordtyske greven Henrik av Werle (1245–1291). Det einaste barnet til Håkon og Rikitsa, sonen Sverre Magnus («junker Sverre»), vart buande hos farfaren i Bergen, men han døydde alt vinteren 1260/1261.

Soga skildrar Håkon som ein vakker, vennesæl og gjevmild mann, og som den beste ryttaren i Noreg. Den engelske historieskrivaren Mattheus Parisiensis, som besøkte Håkon Håkonsson i Noreg i 1248–1249, karakteriserer i si Chronica Majora Håkon Unge som ein staut ungdom (adolescens speciosus).

Majestetsseglet til Håkon syner på adversen ein sitjande ung konge med sverd, septer og ei svakt taggete krone. Reversen syner kongen til hest med lukka hjelm, skjold og sverd, og har ei særmerkt latinsk omskrift som på norsk lyder slik: «Kong Håkon den herlege, djerv i våpen, kunnig i brystet.»

Segl

Segl nummer 1 og 2 viser Håkon den unges storsegl frå 1250, forside og bakside. I likskap med samtidige engelske rikssegl viser forsida kongen på tronen, og baksida kongen til hest. Nummer 3 viser kong Håkon 6.s mellomstore segl, sekretet, 1358, nummer 4 viser kong Haakon 7s rikssegl. Gipsmodell 1938 av H. Trætteberg.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
  • Avtrykk av Håkon Håkonsson Unges dobbeltsegl finst på eit brev frå oktober 1250 (Regesta Norvegica, bind 1 nr. 829) i Archiv der Hansestadt Lübeck, kopi i Riksarkivet, Oslo

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Munch, Peter Andreas (1858): Det norske folks historie, del 3, 1857, del 4, bind 1
  • Brinchmann, Christopher (1924): Norske konge-sigiller fra middelalderen
  • Bull, Edvard d.e. (1931): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5
  • Helle, Knut (1972): Konge og gode menn i norsk riksstyring cirka 1150–1319
  • Helle, Knut (1974): Norge blir en stat 1130–1319, bind 3 i Handbok i Norges historie
  • Haugen, Odd Einar (1938): «Om tidsforholdet mellom Stjórn og Barlaams og Josaphats saga», i Maal og Minne, sidene 18–28
  • Rindal, Magnus (1993): «Barlaams ok Josaphats saga», i Phillip Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia, side 36
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Regesta Norvegica, bind 1
  • Islandske Annaler
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bind 4, 1979

Kommentarar (3)

skreiv Sverre Olav Lundal

Skal ikkje sonen Sverre Magnus (junker Sverre) vera med under Familie i ramma oppe til høgre?

svarte Per G. Norseng

Jo, det bør han. Han er nevnt i brødteksten. Jeg fikser det. Takk for kommentaren. Per

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg