Kjell Bondevik var ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF), skolemann og folklorist. Han var den fremste KrF-politikaren i 1960-åra.
I perioden 1939–1950 var han formann for Rogaland KrF, og i perioden 1955–1961 nestformann i KrF. Han var stortingsrepresentant for Rogaland i perioden 1950–1965, og formann i sosialkomiteen i perioden 1954–1961. I åra 1961–1965 var han parlamentarisk leiar i KrF.
Bondevik var sosialminister i John Lyngs regjering i 1963 og kyrkje- og undervisningsminister i Per Bortens regjering i perioden 1965–1971.
Etter at regjeringa Borten hadde søkt avskjed 2. mars 1971, vart Bondevik av dei fire koalisjonspartia bedt om å danne ny regjering. Forsøket vart imidlertid mislukka, og Bondevik kom med sitt kjente fråsegn til pressa: «Eg er djupt såra og vonbroten».
Kjell Bondevik var onkel til Kjell Magne Bondevik.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.