Vestnes er ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald. Mjølkeproduksjonen er viktigast, men det blir også halde ein god del sau, og Vestnes har dessutan det største svinehaldet i fylket (2019). Kommunen har også stor skogavverking; i 2019 blei det avverka i alt 15 400 m3, og det var den største avverkinga blant kommunane i Romsdal. Det blir drive noko fiskeoppdrett, men berre eit svært beskjedent «ordinært» fiske. Samla utgjer primærnæringane fem prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019).
Vestnes er i første rekke ein industrikommune, og 2019 var 21 prosent av arbeidsplassane i kommunen innan industri, 31 prosent dersom ein inkluderer bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Av kommunane i Romsdal har berre Aukra ein større del av arbeidsplassane i industri.
Den viktigaste industribransjen i Vestnes er verkstadindustrien med heile 83 prosent av dei industrisysselsette (2019). Verkstadindustrien baserer seg særleg på bygging av fartøy og maskinindustri (inkludert reparasjonar og installasjonar). Desse bransjane hadde dette året høvesvis 71 og 15 prosent av dei sysselsette i industrien. Ein annan viktig industribransje er næringsmiddelindustrien med 16 prosent av industrisysselsetjinga (2019). Karakteristisk for Vestnes er at industriverksemda er spreidd på ei rekke stader i kommunen (rekna frå vest): Rekdal, Fiksdal, Tomra, Vestnes tettstad, Skorgenes, Tresfjord, Daugstad og Vikebukt.
Vestnes har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 27,6 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Sesselva (i drift fra 2016), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Øvstedal (2012) og Misfjord (2012). Sesskraft er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Øvstedal Kraft med om lag ein sjettedel.
Turisttrafikken i kommunen er aukande, både langs fjorden og i fjellet. Det er stor vintertrafikk på Ørskogfjellet.
Av dei yrkesaktive som er busette i Vestnes, har 26 prosent arbeid utanfor kommunen (2019). Sju prosent arbeider i Molde, to prosent i Rauma, åtte prosent i Ålesund og i alt to prosent i dei andre kommunane på Sunnmøre, alt basert på kommuneinndelinga frå 2020.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.