Firefox-nettlesar

Gå til favorittnettstadane dine raskare på iPhone og iPad

Sjå alle opne faner, siste søk og favorittnettstadar på ein og same plass med Firefox-nettlesar for iOS.

Last ned frå App Store

Last ned Firefox for iOS

Skann QR-koden for å kome i gang

Skann QR-koden for å laste ned Firefox til iOS

Gjer Firefox til din standardnettlesar

No kan iPhone og iPad brukarar velje sin eigen standardnettlesar. Det tyder at du ikkje er tvungen til å bruke Safari og den mobile nettlesaren din kan vere synkronisert med favorittnettlesaren din for datamaskiner. Dessutan, når du stiller inn Firefox som din standardnettlesar, støttar du eit uahvengig teknologiføretak Firefox er óg den einaste store nettlesaren som er støtta av ein ideell organisasjon.

Rask, privat, sikker

Behald det personlege privat utan å ofre fart. I tillegg gjev smarte surfefunksjonar deg mulegheita til å ta med deg personvern, passord og bokmerke trygt og sikkert same kvar du går, noko som gjer livet ditt på nettet enklare.

Ta vare på personvernet ditt på nettet

Firefox gjev deg meir personvern medan du er på nettet. Som standard blokkerer det forbetra sporingsvernet vårt sporarar og skript som sporarar for sosiale medium, sporing på fleire nettstadar, kryptoutvinnarar og fingeravtrykksporarar.

Nettlesingshistorikken din er historie

Om du vil, kan du enkelt velje å gå ut på internett og søkje i privat nettlesingsmodus. Og når du lèt att privat nettlesingsmodus, vert nettlesarhistorikken din og infokapslar automatisk sletta frå eininga di.

Få meir Firefox i livet ditt

Legg til Firefox på einingane dine for sikker, smidig surfning. Synkroniser einingane dine for å ta med favorittbokmerka dine, lagra innloggingar, passord og netthistorikk same kvar du går. Send også opne faner mellom telefonen og dastamaskina di for å halde fram der du slapp.

Finn alt raskare

Få søkjeforslag i søkjefeltet og få rask tilgang til nettstadane du besøkjer mest. Skriv inn søket ditt og få føreslåtte og tidlegare søkjeresultat i favorittsøkjemotorane dine.

Eig startsida di

Ta deg raskare til den delen av internett du bryr deg om. Vel å sjå alle dei opne fanene dine, siste søk, bokmerke og favorittnettstadar på ein og same plass.

Oppdag meir av det du likar

Opne ei ny fane i Firefox for å sjå nettstadar du besøkjer mest, siste bokmerka dine og populære artiklar i Pocket. Firefox gjev deg rask tilgang til dei siste brukte nettstadane dine, for kome raskare dit du skal.

Om Mozilla

Mozilla finst for å byggje internett som ein allmenn resurs som er tilgjengeleg for alle fordi vi trur at ope og gratis er betre enn stengt og kontrollert. Vi byggjer produkt som Firefox og Pocket for å fremje val, transparens og kontroll.