ARENAENE VÅRE

NYTT FRÅ NYNORSK KULTURSENTRUM

Vellukka Litteraturdagar

Mange fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Litteraturdagane. – Som ny kunne eg ikkje unngå å legge merke til den unike festivalstemninga. Vi har fått gode tilbakemeldingar på innhaldet, og utøvarane er også svært nøgde, seier arenaleiar Yngve Knausgård.

Les meir
Logo Litteraturhus i møre og romsdal

Haustprogrammet 2024

Møt Arill Riise, Anders Totland og Halvor Folgerø på turne med Litteraturhus i Møre og Romsdal i haust.

Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit prosjekt der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen organiserer arrangement i samarbeid med biblioteka i Møre og Romsdal, med støtte frå fylket, kommunane, Human-etisk forbund, Fritt Ord og Kulturrådet.

frå venstre Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø
Frå venstre: Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø. Foto: Marius Knudsen, Espen Solli og Tove Breistein

Museumsbutikken

På Handlenett.no kan du kjøpe gåver og bøker til deg og dine.

Ivar Aasen-boksar
frå kr 169,-

Bokstøtte A.O. Vinje i metallkr 229,-

Turkopp Hauge
kr 269,-