Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

DatoLOV-2023-06-09-30
DepartementKunnskapsdepartementet
Sist endretLOV-2024-03-08-9 fra 01.08.2024, LOV-2024-06-25-53 fra 01.07.2024
Ikrafttredelse01.08.2024
EndrerLOV-1998-07-17-61, LOV-2005-06-17-64, LOV-2021-06-18-97, LOV-1987-06-12-56, LOV-2003-07-04-84, LOV-2018-06-08-28
Kunngjort09.06.2023   kl. 12.00
KorttittelOpplæringslova

Prop.57 L (2022–2023), Innst.442 L (2022–2023), Lovvedtak 89 (2022–2023). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 2. og 5. juni 2023. Fremja av Kunnskapsdepartementet.

Første del – innleiande reglar

Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa

§ 1-1.Formålet med lova

Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.

§ 1-2.Verkeområde

Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.

Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden.

§ 1-3.Formålet med opplæringa

Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og dei som har læretid i bedrift, historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som også kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.

Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen.

Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

§ 1-4.Mål og prinsipp for opplæringa

Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.

Departementet gir forskrift om læreplanar i fag.

§ 1-5.Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar

Forskrift om læreplanar etter § 1-4 andre ledd skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.

Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir også forskrift om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.

Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til forskrift.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 1-6.Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur

Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.

Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.

Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.

Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.

Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.

Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.

Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag.

§ 1-7.Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Departementet kan gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.

Andre del – grunnskoleopplæring

Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring

§ 2-1.Rett til grunnskoleopplæring

Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader etter at barnet er komme til Noreg. Dersom det er nødvendig fordi det kjem svært mange fordrivne barn frå Ukraina, kan departementet gi forskrift om mellombels forlenging av tremånadersfristen. Barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn.

0Endret ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212). Endres ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026).

§ 2-2.Plikt til grunnskoleopplæring

Barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. § 22-5.

Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader.

Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.

Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.

§ 2-3.Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa

Opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første og andre ledd.

Elevane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane på 1. til 7. trinn skal ha individuell vurdering utan karakterar. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.

§ 2-4.Utsett og tidleg skolestart

Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og det etter ei sakkunnig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år.

Kommunen kan la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg.

§ 2-5.Gratis grunnskoleopplæring

Grunnskoleopplæring skal vere gratis. Kommunen skal ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter knytte til grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald eller andre skoleturar.

§ 2-6.Kva grunnskole eleven skal gå på

Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole.

Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.

§ 2-7.Straffansvar for brot på opplæringsplikta

Foreldre og andre som har dagleg omsorg for eit barn, kan straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa utan å ha rett til det.

Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa

§ 3-1.Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen

Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 3-2, 3-3, 3-4 eller 3-6.

Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er.

§ 3-2.Opplæring i og på samisk i grunnskolen

Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk.

Alle elevar som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring i og på samisk. Språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar kan gi forskrift om at elevane skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur.

Dersom minst ti elevar i ein annan kommune enn språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står ved lag så lenge det er minst seks elevar att som vil ha slik opplæring.

Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i samisk og om dei skal ha opplæring i og på samisk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.

Opplæringa på samisk kan leggjast til ein eller fleire skolar i kommunen.

Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 3-3.Opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen

Elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn som går på grunnskolar i Troms og Finnmark, har rett til opplæring i kvensk eller finsk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i kvensk eller finsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.

§ 3-4.Opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen

Elevar med høyrselshemming har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Foreldra til elevane vel om dei skal ha opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.

Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i norsk teiknspråk, kan opplæringa givast på ein annan skole. Kommunen kan fastsetje kva skole opplæringa på norsk teiknspråk skal givast på.

Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit teiknspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i teiknspråk skal vere pedagogisk forsvarleg.

§ 3-5.Opplæring i punktskrift i grunnskolen

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.

§ 3-6.Særskild språkopplæring i grunnskolen

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Kommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

§ 3-7.Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg

Kommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Kommunen kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven eller foreldra samtykkjer. Kravet til samtykke gjeld likevel ikkje dersom opplæring gjennom eit særskilt organisert tilbod er nødvendig for å gi nykomne elevar eit forsvarleg opplæringstilbod i ein situasjon der det kjem svært mange fordrivne frå Ukraina.

Kommunen kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag, jf. § 1-4 andre ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første og andre ledd.

0Endret ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212). Endres ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026).

Kapittel 4 Skyss, leksehjelp, skolefritidsordninga, skoletur og overgang frå barnehage til skole

§ 4-1.Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen

Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skolen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skolen.

Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg.

Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.

Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga gjeld ikkje i skoleferiane.

Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.

§ 4-2.Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen

Elevar som får skyss til og frå skolen eller skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa eller skolefritidsordninga dersom dei treng det.

§ 4-3.Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg

Elevar har berre rett til skyss etter § 4-1 dersom dagleg skyss er forsvarleg.

Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til eleven og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.

Er fylkeskommunen i tvil om dagleg skyss er forsvarleg, avgjer foreldra om eleven likevel skal skyssast.

Elevar som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji. Elevane har også plikt til å la seg innlosjere om ikkje foreldra sørgjer for skyss og dekkjer kostnadene.

Kommunen skal sørgje for losji og ha tilsyn med innlosjerte elevar.

§ 4-4.Leksehjelp

Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Departementet kan gi forskrift om leksehjelptilbodet.

§ 4-5.Skolefritidsordning

Kommunen skal ha tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særlege behov på 1. til 7. trinn. Kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga.

Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.

Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor vere leiar. Kommunen kan gjere unntak frå kravet.

Kommunen kan nytte private til å drive skolefritidsordninga.

Kommunen gir forskrift om skolefritidsordninga. Forskrifta skal ha reglar om

a.eigarforhold
b.kven som er opptaksmyndigheit
c.opptakskriterium
d.opptaksperiode og oppseiing
e.foreldrebetaling
f.leike- og opphaldsareal
g.dagleg opphaldstid og årleg opningstid
h.personale og leiing.

Departementet kan gi forskrift om gratis skolefritidsordning, moderasjonsordningar og om innhald og oppgåver for skolefritidsordninga.

§ 4-6.Skoletur med overnatting

Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

§ 4-7.Overgangen frå barnehagen til skolen

Kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga.

Tredje del – vidaregåande opplæring

Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring

§ 5-1.Rett til vidaregåande opplæring

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Retten gjeld berre for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng.

Retten til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet varer fram til ein har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Dei som då ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3.

Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd, kan velje vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.

Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd første punktum, kan fram til det året dei fyller 19 år etter søknad i staden få vidaregåande opplæring etter § 18-3 dersom det er særlege grunnar for det. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 18-3.

Retten til vidaregåande opplæring gjeld ikkje opplæring i fag som allereie er bestått, med mindre anna går fram av forskrift gitt etter siste ledd.

Dei som har rett til vidaregåande opplæring, skal komme inn på eitt av tre utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på. Dei skal deretter komme inn på vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3, dersom dei oppfyller vilkåra for inntak. Både trinn 2 og trinn 3 skal byggje på det førre trinnet.

Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, og om inntaket til vidaregåande opplæring.

§ 5-2.Studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram

Den vidaregåande opplæringa omfattar studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Studieførebuande utdanningsprogram omfattar tre års opplæring som elev.

Yrkesfaglege utdanningsprogram omfattar til vanleg to år med opplæring som elev, og to år med læretid i bedrift.

§ 5-3.Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet

Fylkeskommunen skal i planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet leggje stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng.

Fylkeskommunen skal gi tilbod om praksisbrev.

Departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod som er ope for søkjarar frå heile landet.

§ 5-4.Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa

Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd, tilbodsstrukturen, jf. § 1-6 tredje ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 fjerde og femte ledd.

Elevane, privatistane, praksiskandidatane og dei som har læretid i bedrift, har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag eller høgt fråvær kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.

Departementet kan gi forskrift om godskriving og godkjenning av tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis.

§ 5-5.Rett til omval

Elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til så mange omval dei ønskjer, innan søknadsfristen for inntak det kalenderåret dei fyller 19 år. Dei som ikkje har nytta retten til omval før denne fristen, har rett til eitt omval seinare.

§ 5-6.Rett til læreplass eller anna tilbod på vidaregåande trinn 3

Søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har rett til læreplass. Dersom fylkeskommunen ikkje kan gi søkjaren tilbod om læreplass, har søkjaren rett til eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet han eller ho har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Departementet kan gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass.

§ 5-7.Påbygging til generell studiekompetanse

Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, har rett til påbygging til generell studiekompetanse. Retten til påbygging varer ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Dei som då ikkje har oppnådd studiekompetanse, har rett til påbygging etter reglane for vaksne etter § 18-7.

Elevane kan velje å få påbygging til generell studiekompetanse etter reglane for vaksne etter § 18-7 frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.

§ 5-8.Gratis vidaregåande opplæring

Den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. Fylkeskommunen kan likevel krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift, dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.

Departementet kan gi forskrift om at elevar skal halde seg med læremiddel og digitalt utstyr.

§ 5-9.Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve

Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til vidaregåande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket.

Kapittel 6 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa

§ 6-1.Bokmål og nynorsk for elevane i den vidaregåande opplæringa

Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 6-2, 6-3 eller 6-5.

Elevane vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

§ 6-2.Opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa

Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk.

Alle elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, har rett til opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa.

Fylkeskommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i samisk skal vere pedagogisk forsvarleg.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 6-3.Opplæring i og på norsk teiknspråk i den vidaregåande opplæringa

Elevar med høyrselshemming har rett til å få opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevane som går på ordinære vidaregåande skolar, og som nyttar tolk, kan i tillegg velje å få opplæring i norsk teiknspråk.

Retten til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk gjeld berre innanfor dei utdanningsprogramma og programområda som skolane har tilbod om. Delar av denne opplæringa kan givast ved hjelp av teiknspråktolk.

§ 6-4.Opplæring i punktskrift i den vidaregåande opplæringa

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.

§ 6-5.Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Fylkeskommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

§ 6-6.Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg

Fylkeskommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Fylkeskommunen kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven samtykkjer. Kravet til samtykke gjeld likevel ikkje dersom opplæring gjennom eit særskilt organisert tilbod er nødvendig for å gi nykomne elevar eit forsvarleg opplæringstilbod i ein situasjon der det kjem svært mange fordrivne frå Ukraina.

Fylkeskommunen kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag, jf. § 1-4 andre ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 fjerde ledd.

0Endret ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212). Endres ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026).

Kapittel 7 Opplæring i bedrift

§ 7-1.Verkeområdet for kapittelet, og kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb

Dette kapittelet gjeld for den vidaregåande opplæringa som blir gitt som læretid i bedrift.

Der lova viser til nokon som har eller skal ha læretid i bedrift, gjeld regelen for både lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Reglane for elevar gjeld for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar dersom fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa.

Lærling er den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 5-4. Praksisbrevkandidat er den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på praksisbrevprøve. Lærekandidat er den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Kandidat for fagbrev på jobb er den som har skrive ein kontrakt om opplæring på grunnlag av allsidig praksis og realkompetanse med sikte på fag- eller sveineprøve.

Departementet kan gi forskrift om dei ulike opplæringsordningane for den vidaregåande opplæringa i bedrift.

§ 7-2.Inngåing og endring av kontrakt om opplæring

Dei som skal ha læretid i bedrift, skal skrive kontrakt om opplæring med ei lærebedrift før opplæringa tek til. Det skal stå i kontrakten kva som er målet for opplæringa, og kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som er inngått.

Kontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen og kan berre endrast etter samtykkje frå fylkeskommunen.

Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa tek til, sjølv om godkjenninga kjem seinare.

Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om opplæring som fråvik det fastsette opplæringsløpet.

Departementet kan gi forskrift om kva form og innhald kontrakten skal ha, om endring av kontrakten, og om fylkeskommunens høve til å godkjenne kontraktar som fråvik det fastsette opplæringsløpet.

§ 7-3.Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring

Ein kontrakt om opplæring kan seiast opp dersom partane er samde om det. Lærebedrifta skal orientere fylkeskommunen skriftleg før kontrakten blir oppsagd.

Fylkeskommunen skal gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom den som har læretid, seier skriftleg frå at han eller ho ikkje ønskjer å halde fram ut kontrakttida. Fylkeskommunen kan også gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom ein av partane gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet eller ein av partane ikkje er i stand til å oppfylle kontrakten.

Før det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt om læretid etter krav frå lærebedrifta, skal den som har læretid i bedrift, få høve til å forklare seg munnleg for fylkeskommunen.

Dersom ein kontrakt om opplæring blir oppsagd eller heva, skal lærebedrifta skrive ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.

§ 7-4.Kva rettar og plikter dei med læretid i bedrift har som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven

Dei som har læretid i bedrift, er arbeidstakarar i lærebedrifta, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar.

Dei som skal ha læretid i bedrift, skal ha arbeidsavtale med lærebedrifta i tillegg til kontrakt om opplæring etter § 7-2. Lærebedrifta kan berre seie opp denne arbeidsavtalen dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva etter § 7-3.

Dei første seks månadene av arbeidsforholdet kan arbeidsavtalen likevel seiast opp etter reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 dersom det er inngått kontrakt om full opplæring i bedrift. Kontrakten om opplæring fell bort dersom arbeidsavtalen blir oppsagd.

Arbeidsavtalen fell bort når læretida er over, eller dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva.

Andre ledd andre punktum, tredje ledd og fjerde ledd gjeld ikkje arbeidsavtalar som partane har inngått uavhengig av kontrakten om opplæring.

Lærekandidatar har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.

§ 7-5.Godkjenning av lærebedrifter

Fylkeskommunen skal godkjenne lærebedrifter som oppfyller krava i § 7-6.

Før fylkeskommunen kan godkjenne ei lærebedrift, må ho vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.

Departementet kan gi forskrift om godkjenning av lærebedrifter.

§ 7-6.Krav til lærebedrifter

Lærebedrifta skal gi opplæring i samsvar med læreplanar i lærefaget. Lærebedrifta kan gi all opplæringa sjølv, eller ho kan oppfylle kravet ved avtale om at delar av opplæringa skal skje i ei anna lærebedrift. Ansvaret for opplæringa ligg hos den lærebedrifta som kontrakten om opplæring er inngått med.

Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar som har ansvaret for opplæringa, og ein eller fleire instruktørar som gir opplæring.

Departementet kan gi forskrift om deling av ansvaret mellom samarbeidande lærebedrifter.

§ 7-7.Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass

Fylkeskommunen skal rekruttere lærebedrifter med sikte på å gi tilbod om læreplass til alle søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læreplass.

Fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra til lærebedrifter.

Departementet kan gi forskrift om formidling til læreplass.

§ 7-8.Tilskot til lærebedrifter

Fylkeskommunen skal gi godkjende lærebedrifter tilskot til opplæring.

Departementet kan gi forskrift om tilskot til lærebedrifter.

§ 7-9.Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning

Fylkeskommunen skal rettleie lærebedriftene og kontrollere at dei oppfyller krava i denne lova.

Etter ei fagleg vurdering i yrkesopplæringsnemnda kan fylkeskommunen trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.

Godkjenninga som lærebedrift fell bort to år etter at den siste kontrakten om opplæring er avslutta.

Departementet kan gi forskrift om tap av godkjenning.

§ 7-10.Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa

Lærebedriftene skal lage ein plan som sikrar at opplæringa er i samsvar med kontraktane til dei som har læretid i bedrifta, og dei skal leggje produksjonen til rette for denne opplæringa.

Lærebedriftene skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. Den samla arbeids- og opplæringstida til dei som har læretid, skal ikkje vere lengre enn arbeidstida til andre arbeidstakarar.

Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal melde frå til fylkeskommunen.

§ 7-11.Krav til internkontroll i lærebedrifter

Lærebedriftene skal ha internkontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med denne lova. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane.

Lærebedriftene skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir. Departementet kan gi forskrift om rapporteringsplikta.

§ 7-12.Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)

Lærebedrifter som er tilknytta eit samarbeidsorgan for lærebedrifter, kan avtale at samarbeidsorganet inngår lærekontrakt etter § 7-2 og mottar tilskot etter § 7-8 på vegner av lærebedrifta.

Departementet kan gi forskrift om samarbeidsorgan for lærebedrifter.

Kapittel 8 Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa

§ 8-1.Rådgivande organ for fag- og yrkesopplæringa

Departementet skal nemne opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa som skal gi departementet råd om, og ta initiativ til å fremje, fag- og yrkesopplæringa.

Departementet skal nemne opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde i fag- og yrkesopplæringa skal vere knytt til eit fagleg råd.

Departementet skal nemne opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i fag- og yrkesopplæringa.

Departementet kan gi forskrift om samansetjinga av og oppgåvene til organa som er nemnde i denne paragrafen.

§ 8-2.Yrkesopplæringnemnder

Fylkeskommunen skal nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda skal behandle.

Saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa, skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen gjer vedtak i dei. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.

Departementet kan gi forskrift om kva samansetjing og oppgåver nemnda skal ha.

§ 8-3.Klagenemnd for fag- og sveineprøver

Departementet nemner opp klagenemnder for klager over vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve. Kvar nemnd skal nemnast opp for fire år, med leiar, nestleiar og éin medlem til. Minst to av medlemmene skal ha fagutdanning, og alle skal ha personlege vararepresentantar.

Det faglege rådet for faget skal gi ei innstilling om samansetjinga av kvar nemnd.

Kapittel 9 Skyss, bustad, oppfølgingsteneste og overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

§ 9-1.Rett til skyss til og frå skolen for elevar i den vidaregåande opplæringa

Elevar har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle dersom dei bur meir enn seks kilometer frå skolen.

Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.

Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen.

Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.

Departementet kan gi forskrift om at retten til skyss kan oppfyllast gjennom rabattordningar for offentleg transport i område med eit godt utbygd kollektivtilbod.

§ 9-2.Reisefølgje for og tilsyn med elevar i den vidaregåande opplæringa

Elevar som får skyss, har rett til reisefølgje dersom dei treng det.

Elevar som får skyss, har rett til tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.

§ 9-3.Hjelp med å skaffe bustad til elevar i den vidaregåande opplæringa

Når ein elev ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen, skal fylkeskommunen hjelpe til med å skaffe eleven ein stad å bu. Er det ikkje mogleg å skaffe eleven bustad på annan måte, skal fylkeskommunen sørgje for at det blir bygd ein elevheim.

§ 9-4.Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Oppfølgingstenesta skal sørgje for at dei som har rett til opplæring etter § 5-1 og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid. Ein er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året ein fyller 24 år.

Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Oppfølgingstenesta skal formidle og samordne dei ulike tilboda.

Departementet kan gi forskrift om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

§ 9-5.Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen.

Dersom eleven skal starte i ein vidaregåande skole som er godkjend etter privatskolelova, gjeld kommunens plikt i første ledd tilsvarande overfor den private vidaregåande skolen.

§ 9-6.Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Fylkeskommunen skal ha eit opplæringstilbod for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som manglar faglege eller språklege føresetnader for å delta i eller gjennomføre slik opplæring.

§ 9-7.Tilbod om meir grunnskoleopplæring

Kommunen og fylkeskommunen kan tilby førebuande opplæring etter § 18-2 til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre den vidaregåande opplæringa. Opplæringa kan gi høve til å forbetre grunnskolevitnemålet.

Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge

Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta

§ 10-1.Det beste for eleven

Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.

§ 10-2.Elevane sin rett til medverknad

Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.

§ 10-3.Samarbeid med foreldra

Skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.

Departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra.

§ 10-4.Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.

§ 10-5.Organiseringa av skoledemokratiet

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.

Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.

§ 10-6.Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen si oppfølgingsplikt

Elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.

Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.

§ 10-7.Skolereglar

Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar).

Kommunen og fylkeskommunen kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast.

§ 10-8.Informasjon til elevane og foreldra

Kommunar og fylkeskommunar skal gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har. Kommunar og fylkeskommunar skal også gi elevar og foreldre informasjon om retten til opplæring i og på samisk.

§ 10-9.Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim, og skal vareta foreldra sine interesser i skolesamanheng. Mandatet til FUG omfattar grunnskolen og vidaregåande opplæring trinn 1.

Departementet nemner opp kvart utval for fire år, med leiar, nestleiar og fem andre medlemmer.

Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

§ 11-1.Tilpassa opplæring

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine. Lærebedrifta skal sørgje for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.

§ 11-2.Tilfredsstillande utbytte av opplæringa

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder frå til rektor dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om det må til, skal skolen setje i verk eigna tiltak, jf. §§ 11-1 og 11-3.

Skolen skal vurdere om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging etter reglane i §§ 11-4, 11-5 og 11-6.

§ 11-3.Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn

På 1. til 4. trinn skal kommunen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.

§ 11-4.Personleg assistanse

Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho.

§ 11-5.Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel

Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i bruk av slikt utstyr.

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i mobilitet slik at dei kan komme seg til og frå skolen og ta seg fram på skolen og i heimemiljøet.

§ 11-6.Individuelt tilrettelagd opplæring

Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal utformast slik at det samla kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa samanlikna med andre elevar og i tråd med dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.

§ 11-7.Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.

Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa.

Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen eller fylkeskommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.

§ 11-8.Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde

I ei sakkunnig vurdering skal den pedagogisk-psykologiske tenesta alltid greie ut om

a.eleven sitt utbytte av opplæringa
b.kvifor eleven eventuelt ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringa
c.kva som er realistiske opplæringsmål for eleven
d.kva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
e.kva kompetanse dei som skal gi opplæringa, bør ha, dersom det skal gjerast unntak frå kompetansekrava etter § 11-9 andre eller tredje ledd

§ 11-9.Kompetansekrav for den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring

Den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring, må oppfylle kompetansekrava for å bli tilsett i lærarstilling, jf. § 17-3, og krava om relevant kompetanse i faget det skal undervisast i, jf. § 17-4.

I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava i § 17-3 dersom det vil gi eleven betre opplæring. Slike unntak kan berre gjerast dersom opplæringa skal givast av personar med ei universitets- eller høgskoleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til eleven. Slikt vedtak inneber også at kompetansekrava i § 17-4 ikkje gjeld.

I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava i § 17-4 dersom ei konkret vurdering av eleven og den individuelt tilrettelagde opplæringa som skal bli gitt, tilseier det.

§ 11-10.Individuell opplæringsplan

Skolen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring. I planen skal det stå kva som er måla for og innhaldet i opplæringa, og korleis ho skal drivast.

§ 11-11.Årleg evaluering av utbyttet av den individuelt tilrettelagde opplæringa

Skolen skal éin gong i året utarbeide ei skriftleg oversikt over den individuelt tilrettelagde opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven sett opp mot måla i den individuelle opplæringsplanen. Eleven eller foreldra skal få tilgang til oversikta og vurderinga.

§ 11-12.Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Det same gjeld for dei som har læretid i bedrift.

Elevar og lærekandidatar har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter § 11-6.

§ 11-13.Pedagogisk-psykologisk teneste

Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skal

a.støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst
b.hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg

Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det den pedagogisk-psykologiske tenesta som skal utarbeide vurderinga.

Departementet kan gi forskrift om i kva andre tilfelle den pedagogisk-psykologiske tenesta skal utarbeide sakkunnige vurderingar.

§ 11-14.Læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring

Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring.

Kapittel 12 Skolemiljøet til elevane

§ 12-1.Verkeområde for kapittelet

Dette kapittelet gjeld for skolen, leksehjelpordninga og skolefritidsordninga.

§ 12-2.Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

§ 12-3.Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.

§ 12-4.Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.

Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.

Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå

a.kva problem tiltaka skal løyse
b.kva tiltak skolen har planlagt
c.når tiltaka skal gjennomførast
d.kven som skal gjennomføre tiltaka
e.når tiltaka skal evaluerast

Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.

§ 12-5.Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, krenkjer ein elev, skal vedkommande straks melde frå til rektor. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er openbert grunnlaus.

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein i leiinga ved skolen krenkjer ein elev, skal vedkommande melde frå til kommunen eller fylkeskommunen direkte.

§ 12-6.Statsforvaltaren si handheving av plikta til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø i enkeltsaker

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at saka er tatt opp med rektor.

Statsforvaltaren skal avgjere om plikta til å rette opp situasjonen med eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd og plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd er oppfylt. Dersom saka ikkje er tatt opp med rektor, det er under ei veke sidan ho vart tatt opp eller eleven ikkje lenger går på den aktuelle skolen, skal statsforvaltaren avvise saka, om det ikkje er særlege grunnar til å behandle ho.

Kommunen og fylkeskommunen skal utan hinder av lovfesta teieplikt leggje fram alle opplysningar som statsforvaltaren meiner må til for å greie ut saka.

Kjem statsforvaltaren til at skolen ikkje har oppfylt plikta til setje inn eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd eller plikta til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd, kan statsforvaltaren påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kjem til å rette forholdet, kan statsforvaltaren vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få eit trygt og godt skolemiljø. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.

Avgjerda til statsforvaltaren er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren skal setje ein frist for gjennomføringa av vedtaket og følgje opp saka.

§ 12-7.Det fysiske miljøet

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skolen som har nedsett funksjonsevne.

Departementet gir forskrift om saksbehandlinga av saker som gjeld det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7. I slike saker gjeld ikkje § 29-1.

§ 12-8.Tvangsmulkt

For å sikre gjennomføringa av vedtak etter § 12-6 kan statsforvaltaren og klageinstansen fastsetje tvangsmulkt for kommunar og fylkeskommunar. Tvangsmulkt kan fastsetjast samtidig med vedtaket eller seinare.

Ei avgjerd om tvangsmulkt får verknad når kommunen eller fylkeskommunen ikkje held fristen for gjennomføring av vedtaket etter § 12-6, og mulkta går til vedtaket er oppfylt. I vedtaket om tvangsmulkt kan det setjast ein seinare frist for gjennomføring enn den som vart sett etter § 12-6. Ei avgjerd om tvangsmulkt får ikkje verknad dersom det er uråd å rette seg etter vedtaket og den ansvarlege ikkje kan noko for det.

Avgjerda om tvangsmulkt skal behandlast etter reglane i forvaltningsloven kapittel IV og V.

Mulkta går til statskassa. I særlege tilfelle kan tvangsmulkta reduserast eller falle bort.

Departementet kan gi forskrift om kva slags tvangsmulkt som kan nyttast, og om kor stor mulkta skal vere.

§ 12-9.Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø

Med bot eller fengsel i opp til 3 månader blir den straffa som forsettleg eller aktlaust grovt eller fleire gonger bryt reglane i § 12-4 første ledd, § 12-4 andre ledd første punktum og fjerde punktum eller § 12-5. Det same gjeld ein rektor som på same viset bryt reglane i § 12-4 andre ledd tredje punktum.

Når det skal vurderast om brotet er grovt, skal det leggjast vekt på kva slags lovbrot det er tale om, og kor stor skade det har ført til.

Dersom ein av reglane i § 12-4 første til andre ledd eller § 12-5 er broten av nokon som handlar på vegner av skolen, kan kommunen og fylkeskommunen straffast, jf. straffeloven § 27.

Straffansvaret er forelda etter 5 år.

§ 12-10.Bevisbyrde i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø

Dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane om psykososialt skolemiljø i eller i medhald av kapittel 12, skal det ved behandlinga av erstatningskrav etter skadeserstatningsloven leggjast til grunn at reglane ikkje er følgde, om ikkje kommunen eller fylkeskommunen gjer noko anna truleg.

Kapittel 13. Ordenstiltak og skadeførebygging m.m.

0Kapitteloverskrift endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 13-1.Bortvising

Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje i forskrift om skolereglar etter § 10-7 at elevane kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på skolereglane, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen.

Ein elev kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

Elevar på 1. til 7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. trinn kan visast bort for opp til tre dagar. Foreldra skal få melding før ein elev på 1. til 7. trinn blir vist bort for resten av dagen. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for opp til fem dagar. Det kan også fastsetjast at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret dersom regelbrota er særleg alvorlege.

Det er rektor sjølv som vedtar bortvising frå opplæringa. Om ikkje kommunen eller fylkeskommunen fastset noko anna, kan rektor gi lærarar høve til å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt som læraren sjølv har ansvaret for. Bortvisinga kan ikkje gjelde for meir enn to klokketimar. Fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om at ein elev i den vidaregåande opplæringa skal visast bort for resten av skoleåret til den enkelte skolen.

§ 13-2.Pålagt skolebyte

Kommunen og fylkeskommunen kan gjere vedtak om at ein elev skal flyttast til ein annan skole dersom oppførselen til eleven går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.

Ein elev skal ikkje flyttast dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Ein elev skal ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må flytte ut av heimen, eller gjer at dagleg skyss blir uforsvarleg. Ein elev i den vidaregåande skolen skal heller ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må byte utdanningsprogram eller programområde.

Kommunen og fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om skolebyte til den enkelte skolen.

§ 13-3.Førebygging

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette må gripe inn fysisk mot elevar.

0Tilføyd ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 13-4.Fysiske inngrep for å avverje skade m.m.

Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev

a.krenkjer ein person fysisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
b.skader eigedom
c.viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv

Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.

Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.

0Tilføyd ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 13-5.Meldeplikt og dokumentasjon

Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 13-4, skal melde frå om det til rektor. Rektor skal melde frå til foreldra til eleven. Dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven fleire gonger, eller inngrepet er særleg alvorleg, skal rektor melde frå til kommunen eller fylkeskommunen.

Skolen skal dokumentere alle fysiske inngrep med ei kort omtale av hendinga, inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.

0Tilføyd ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

Kapittel 14 Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa

§ 14-1.Skolerute og lengda på skoleåret

Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om skole- og feriedagar for elevane (skolerute). Skole- og feriedagane skal planleggjast slik at eksamen og nasjonale prøver kan gjennomførast.

§ 14-2.Inndeling av elevar i klassar og grupper

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at kvar elev høyrer til éin klasse og har så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper. Klassane og gruppene skal setjast saman slik at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse og respekt for kvarandre.

Ingen klassar eller grupper skal vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Elevane kan berre delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Elevane kan ikkje delast inn i grupper etter etnisitet.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle elevar har ein kontaktlærar. Kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen.

§ 14-3.Forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar

Departementet kan gi forskrift om forholdet mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole eller per kommune. Forholdstalet kan variere frå trinn til trinn.

§ 14-4.Fjernundervisning

Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning) dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At det må vere gode grunnar betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning. Når det skal vurderast om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sitt høve til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle.

Elevane skal få fjernundervisning på skolen. I særlege tilfelle kan ein elev få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Elevar i vidaregåande skole kan også få unntak etter avtale med rektor.

Fjernundervisninga skal gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

Kommunen eller fylkeskommunen skal godtgjere at vilkåra i denne paragrafen er oppfylte.

Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning.

§ 14-5.Forbod mot forkynning

Opplæringa skal ikkje vere forkynnande.

§ 14-6.Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn

Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei med rimeleg grunn opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei på same grunnlag opplever som krenkjande eller støytande. Fritaket føreset ei skriftleg melding frå eleven eller foreldra, men det trengst ikkje grunngiving.

Ein kan ikkje krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag. Elevar som får fritak frå aktivitetar i opplæringa, skal ha anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald.

§ 14-7.Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk

Opplæringa om emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal samle alle elevar, og medverke til auka forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulikt syn på trudoms- og livssynsspørsmål. Emna skal presenterast på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.

Kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek

§ 15-1.Opplæringsspråk og talemål

Opplæringa skal vere på norsk, samisk eller norsk teiknspråk.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og lærarane sjølve kva for talemål dei vil bruke. Lærarane og skoleleiinga skal ta mest mogleg omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

§ 15-2.Hovudmål på kvar skole

Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten bokmål eller nynorsk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.

I samband med skifte av hovudmål på ein grunnskole eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i kommunen krev det, skal det haldast rådgivande røysting. Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det har gått fem år. Departementet kan gi forskrift om røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga.

§ 15-3.Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel

Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.

Skolen skal bruke læremiddel på norsk og samisk som følgjer offisiell rettskriving.

Skolen skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet gjeld ikkje

a.læremiddel i faget norsk
b.læremiddel i fag med årskull med 300 eller færre elevar
c.læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del

Dei trykte læremidla i norskfaget i grunnskolen skal samla ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.

§ 15-4.Ordlister, ordbøker og skriveprogram

Dei norskspråklege trykte og digitale ordlistene og ordbøkene skolen brukar, skal vere godkjende av Språkrådet.

Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.

§ 15-5.Skolebibliotek

Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi forskrift om skolebibliotek.

§ 15-6.Utstyr

Skolane skal ha tilgang til nødvendig utstyr, inventar og læremiddel.

Kapittel 16 Rådgiving

§ 16-1.Rådgiving om utdannings- og yrkesval

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.

Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.

Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval.

§ 16-2.Rådgiving om sosiale og personlege forhold

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen.

Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.

Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om sosiale og personlege forhold.

Kapittel 17 Personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling

§ 17-1.Krav om kompetanse i skolen

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for rett og nødvendig kompetanse i skolen.

§ 17-2.Leiing

Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.

Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.

§ 17-3.Krav for å bli tilsett i lærarstilling

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsett i lærarstilling, har relevant lærarutdanning seinast når dei tar til i stillinga.

Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om at ei påbyrja lærarutdanning blir fullført. Kor lenge ei slik tilsetjing skal vare, avtaler arbeidsgivaren og arbeidstakaren ut frå kor stor stilling og kor lang utdanning det er tale om, og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er.

Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast mellombels også utan vilkår om påbyrja lærarutdanning, men ei slik tilsetjing skal ikkje vare lenger enn til 31. juli.

Departementet kan gi forskrift om kva utdanning og kompetanse ein må ha for å kunne bli tilsett i lærarstilling.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 17-4.Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som er tilsett i lærarstilling, har relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i.

Krava om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje dei som kunne tilsetjast i lærarstilling før 1. januar 2014, allmennlærarar og mellombels tilsette.

Kommunen og fylkeskommunen kan fråvike krava til relevant kompetanse i undervisningsfag dersom det er nødvendig fordi skolen ikkje har nok tilsette i lærarstilling som oppfyller krava. Ei slik avgjerd skal vurderast på nytt kvart skoleår.

Departementet kan gi forskrift om krav til relevant kompetanse i dei ulike faga.

§ 17-5.Kvalifikasjonsprinsippet

Den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast i ei ledig stilling, om det ikkje er gjort unntak i lov eller forskrift.

Når kommunen og fylkeskommunen skal vurdere kven som er best kvalifisert, skal dei leggje vekt på utdanning, erfaring og kor personleg eigna søkjaren er, halde saman med kvalifikasjonskrava i utlysinga.

§ 17-6.Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling

Berre dei som er tilsett i lærarstilling, kan ha fagleg ansvar for opplæringa.

Når anna personale hjelper til i opplæringa, skal kommunen og fylkeskommunen sørgje for at dei får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 17-7.Krav om at skolane har tilgang på vikarar

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær.

§ 17-8.Fagleg og pedagogisk utvikling

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som er tilsett i lærarstilling, rektorar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

§ 17-9.Praksisplassar i skolen

Departementet kan i det enkelte tilfellet eller i forskrift gi pålegg om at kommunane eller fylkeskommunane skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen.

§ 17-10.Personalet ved leirskolar

Undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i den kommunen der leirskolen ligg. Departementet kan gi forskrift om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolar.

§ 17-11.Politiattest og forbod mot tilsetjing

Kommunen og fylkeskommunen skal krevje politiattest av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa, kulturskolen eller skoleliknande aktivitetstilbod. Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i leirskole, må også leggje fram politiattest.

Kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis på skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt. Når det skal vurderast om ein person som skal ha praksis, skal leggje fram politiattest, skal det leggjast vekt på om det alt er utført vandelskontroll etter eit anna regelverk, kor langt praksisopphaldet skal vere, og kor mykje kontakt personen skal ha med elevar.

Kommunen og fylkeskommunen kan krevje politiattest av personar som skal utføre oppgåver ved skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt.

Politiattesten skal innehalde dei merknadene som politiregisterloven § 39 første ledd fastset. I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar for brot på straffeloven (2005) §§ 251, 252, 253, 254, 255, 256, 263, 264, 272, 273, 284 og 285, straffeloven (1902) §§ 222, 223, 227, 228 andre ledd, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse §§ 1 og 2. Merknader om reaksjonar for brot på desse straffeboda skal i ordinær politiattest oppgis i samsvar med politiregisterloven § 40.

Personar som er dømde for eller har vedtatt førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.

Dersom politiattesten inneheld merknader om verserande sak eller andre straffebrot enn dei som er nemnde i femte ledd, skal det vurderast konkret om personen bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.

Departementet gir forskrift om politiattest, og kva for straffebod som skal vere omfatta av femte ledd. Departementet kan også gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.

§ 17-12.Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling

Det skal vere skolefagleg kompetanse i kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen.

Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette med heimel i §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd.

Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa.

Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

§ 18-1.Formålet med opplæringa for vaksne

Formålet med opplæringa i § 1-3 og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa med heimel i § 1-4 gjeld så langt det passar for opplæring for vaksne. Opplæringa skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning.

§ 18-2.Rett til førebuande opplæring for vaksne

Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne.

Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.

Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen.

§ 18-3.Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Dei som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.

Dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, skal komme inn på eit opplæringstilbod som fører fram til ein av tre sluttkompetansar som dei har søkt på. Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar med betydeleg realkompetanse knytt til ein viss yrkeskompetanse får høve til å formalisere denne kompetansen gjennom fag- eller sveinebrev.

Dersom fylkeskommunen tilbyr det, kan dei som har rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, likevel velje vidaregåande opplæring etter kapittel 5. Dei får då dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1.

Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket til opplæringa.

§ 18-4.Rett til yrkesfagleg rekvalifisering

Dei som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

§ 18-5.Vidaregåande opplæring for vaksne utan rett

Fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring.

Fylkeskommunen kan gi vidaregåande opplæring til dei som er over opplæringspliktig alder, og som ikkje har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring.

Dei som blir tatt inn til vidaregåande opplæring for vaksne utan å ha rett til det, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 18-3.

§ 18-6.Rett til læreplass eller anna tilbod i den vidaregåande opplæringa for vaksne

Dei som har lovfesta rett til opplæring etter § 18-3, og som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har rett til læreplass. Dersom dei ikkje får tilbod om læreplass, har dei rett til eit anna opplæringstilbod som gir grunnlag for den sluttkompetansen dei er tatt inn på.

Når vaksne deltakarar får opplæringa i bedrift, gjeld kapittel 7 for den delen av opplæringa.

§ 18-7.Påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse

Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, har rett til påbygging til generell studiekompetanse frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.

Dei som har oppnådd yrkeskompetanse utan å ha bestått fellesfaga som normalt inngår i opplæringsløpet, har ikkje rett til påbygging, men rett til vidaregåande opplæring etter § 18-3 fram til generell studiekompetanse. Dette gjeld uavhengig av den nedre aldersgrensa i § 18-3 første ledd.

§ 18-8.Realkompetansevurdering

Dei som har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert.

Dei som ikkje har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten tilrår det.

Departementet kan gi forskrift om realkompetansevurdering, om klage på realkompetansevurdering og om dokumentasjon.

§ 18-9.Gratis opplæring for vaksne

Reglane i §§ 2-5 og 5-8 om gratis opplæring gjeld også for førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

§ 18-10.Rett til opplæring for vaksne som ikkje har opphaldsløyve

Det er eit vilkår for rett til førebuande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til førebuande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til førebuande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket.

Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.

§ 18-11.Plikt til oppmøte og aktiv deltaking i opplæringa for vaksne

Vaksne deltakarar i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring har plikt til å møte opp til opplæringa og delta aktivt.

Kommunen og fylkeskommunen kan etter søknad gje permisjon frå opplæringa.

Kapittel 19 Innhaldet i og organiseringa av den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne

§ 19-1.Innhald, vurdering og dokumentasjon i opplæringa for vaksne

Opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. § 18-1, jf. § 1-4 første ledd og andre ledd i denne paragrafen. Opplæringa skal byggje på kompetansen til den vaksne deltakaren.

Departementet kan gi forskrift om læreplanar i fag for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

Vaksne deltakarar har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon.

§ 19-2.Organisering av opplæringa for vaksne

Den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne skal organiserast som eit særskilt tilbod for vaksne.

Opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen til deltakarane. Opplæringa kan givast som fjernundervisning.

Kommunen og fylkeskommunen kan bruke andre rettssubjekt, til dømes studieforbund, til å gi opplæring til vaksne. Kommunen og fylkeskommunen kan likevel ikkje delegere til andre rettssubjekt å dokumentere opplæringa etter § 19-1.

§ 19-3.Bokmål og nynorsk i opplæringa for vaksne

Deltakarar i opplæringa for vaksne vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet.

§ 19-4.Rett til opplæring i og på samisk for vaksne deltakarar

Samiske deltakarar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i samisk. Samiske deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring på samisk når det er nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 19-5.Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar

Kravet i § 11-1 om tilpassa opplæring gjeld for førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

Deltakarar i den førebuande opplæringa har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6. For denne tilrettelegginga gjeld §§ 11-7 til 11-11 og § 11-13.

Deltakarar i den vidaregåande opplæringa med nedsett funksjonsevne eller særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, læremiddel og eksamen, for å sikre likeverdige høve til opplæring.

Retten etter tredje ledd gjeld ikkje tilrettelegging som inneber ei uforholdsmessig byrde for fylkeskommunen. Når fylkeskommunen skal vurdere om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal fylkeskommunen leggje særleg vekt på effekten tilrettelegginga har for å byggje ned barrierane for deltakarar med nedsett funksjonsevne og særskilde behov, dei nødvendige kostnadene ved tilrettelegginga og kva ressursar fylkeskommunen har til rådigheit.

§ 19-6.Opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, har rett til slik opplæring. For denne opplæringa gjeld §§ 11-4 til 11-11 og § 11-13.

§ 19-7.Alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) i opplæringa for vaksne

Deltakarar i opplæringa for vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Deltakarane har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelle tilrettelegginga av opplæringa etter §§ 19-5 og 19-6.

§ 19-8.Særskild språkopplæring for vaksne deltakarar

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til særskild språkopplæring etter § 3-6.

Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til forsterka opplæring i norsk etter § 6-5 første ledd første punktum.

§ 19-9.Opplæring i og på norsk teiknspråk for vaksne deltakarar

Deltakarar med høyrselshemming i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i norsk teiknspråk. Deltakarane har rett til opplæring ved bruk av teiknspråktolk eller opplæring på norsk teiknspråk.

§ 19-10.Opplæring i punktskrift for vaksne deltakarar

Deltakarar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til opplæring i punktskrift etter §§ 3-5 og 6-4. Dei har også rett til mobilitetstrening etter § 11-5 andre ledd.

§ 19-11.Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne

Reglane i § 5-3 om planlegging og utbygging av det vidaregåande opplæringstilbodet gjeld for det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne deltakarar.

§ 19-12.Rådgiving om utdannings- og yrkesval i opplæringa for vaksne

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne får rådgiving om utdannings- og yrkesval.

§ 19-13.Kompetansekrav i opplæringa for vaksne

Reglane i §§ 17-3, 17-4 og 17-5 om kompetansekrav for lærarar og kvalifikasjonsprinsippet gjeld i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne.

Første ledd gjeld ikkje for opplæring etter § 19-6. Opplæringa skal likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing.

Departementet kan gi forskrift om kompetansekrav for dei som skal undervise i forsterka opplæring i norsk.

§ 19-14.Politiattest og forbod mot tilsetjing i den førebuande opplæringa for vaksne

Reglane i § 17-11 om politiattest og forbod mot tilsetjing gjeld for den førebuande opplæringa for vaksne.

Kapittel 20 Medverknad, læringsmiljø, lokale ordensreglar og bortvising i opplæringa for vaksne

§ 20-1.Rett til medverknad for vaksne deltakarar

Deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Deltakarane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira.

§ 20-2.Krav til læringsmiljøet i opplæringa for vaksne

Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide kontinuerleg for at alle deltakarane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.

Deltakarar i opplæringa for vaksne skal ikkje utsetjast for krenkjande oppførsel. Alle som arbeider i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne, skal om mogleg gripe inn dersom ein deltakar blir utsett for krenking.

§ 20-3.Ordensreglar for opplæringa for vaksne

Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om lokale reglar for opplæringa for vaksne, mellom anna om orden og oppførsel (ordensreglar).

Kommunen og fylkeskommunen kan i slike ordensreglar angi kva tiltak som kan brukast når deltakarar bryt ordensreglane, og korleis slike saker skal behandlast.

§ 20-4.Bortvising av vaksne deltakarar

Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje i forskrift etter § 20-3 at deltakarar i opplæringa for vaksne kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på reglane i forskrifta, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen.

Ein deltakar kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

Deltakarar kan visast bort frå resten av kurset eller modulen dei er tatt inn på, dersom regelbrota er særleg alvorlege.

Kommunen eller fylkeskommunen kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om at ein deltakar skal visast bort frå resten av kurset eller modulen til eit organ ved opplæringsstaden.

Kapittel 21 Skyss, reisefølgje og losji for deltakarar i opplæringa for vaksne

§ 21-1.Skyss til og frå opplæringsstaden for deltakarar i opplæringa for vaksne

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå opplæringsstaden.

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå opplæringsstaden.

Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til skyss etter reglane i § 9-1 ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 24 år.

§ 21-2.Reisefølgje for og tilsyn med deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som får skyss til og frå opplæringsstaden, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.

§ 21-3.Avgrensing av rett til skyss og rett til losji i den førebuande opplæringa for vaksne

Retten til skyss etter § 21-1 gjeld ikkje dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg.

Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til deltakaren og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji.

Kommunen skal ha tilsyn med innlosjerte vaksne deltakarar om det trengst.

Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar

Kapittel 22 Privat opplæring

§ 22-1.Kven som kan drive private skolar etter lova

Private kan berre drive skole etter denne lova med godkjenning av departementet. Departementet skal godkjenne private grunnskolar dersom dei kan oppfylle krava i § 22-2. Departementet kan gi forskrift om saksbehandlingsreglar for godkjenning av private grunnskolar i samsvar med tjenesteloven § 27. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bot.

Departementet kan godkjenne private vidaregåande skolar dersom det ligg føre ein mellomstatleg avtale om drift av slike skolar. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i lova og i forskrift gitt med heimel i lova.

Godkjenninga etter første og andre ledd fell bort dersom ein skole ikkje set i gang verksemda si etter lova innan tre skoleår etter at godkjenninga vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd. Skolen skal gi melding til departementet når drifta etter lova blir nedlagd.

§ 22-2.Ansvaret til private grunnskolar

For private grunnskolar gjeld:

a.§§ 1-3 og 1-4 første og andre ledd om mål og prinsipp for opplæringa
b.§ 2-3 om innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
c.§ 3-1 om bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
d.kapittel 10 om det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
e.§ 11-1 om tilpassa opplæring
f.kapittel 12 om skolemiljøet til elevane
g.§ 13-1 om bortvising og §§ 13-3 til 13-5 om skadeførebygging
h.§ 14-1 andre ledd om skole- og feriedagar
i.§ 14-2 om inndeling av elevar i klassar og grupper
j.§ 14-4 om fjernundervisning
k.§ 14-5 om forbod mot forkynning
l.§ 14-6 om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
m.§ 14-7 om opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
n.kapittel 16 om rådgiving
o.kapittel 17 om personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
p.§ 24-2 om opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
q.§ 24-3 om plikt til å melde frå til barnevernet
r.§ 25-1 om behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
s.§ 25-4 om plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar
t.§ 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet

Kommuneloven § 25-1 om internkontroll gjeld også for private grunnskolar.

Der lova legg ansvar, oppgåver eller plikter til kommunen, ligg ansvaret ved ein privat skole til det øvste organet på skolen.

Heimkommunen skal sørgje for at elevane har same tilgang til den pedagogisk-psykologiske tenesta som elevane i den offentlege skolen.

0Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36.

§ 22-3.Unntak frå visse krav for utanlandske og internasjonale grunnskolar

Departementet kan gjere unntak frå krava i § 22-2 første ledd for utanlandske og internasjonale grunnskolar så framt unntaka ikkje svekkjer dei grunnleggjande rettane til elevane.

§ 22-4.Teieplikt i private skolar

Forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og § 13 g om teieplikt gjeld for private skolar som er godkjende etter § 22-1.

§ 22-5.Privat grunnskoleopplæring i heimen

Foreldre har plikt til å melde frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskoleopplæring i heimen.

Den private grunnskoleopplæringa i heimen skal oppfylle krava til formålet med opplæringa i § 1-3, krava i § 1-4 andre ledd om at opplæringa skal vere i samsvar med læreplanar for fag og § 1-6 første ledd om fag- og timefordelinga, forbodet mot forkynning i § 14-5 og krava i § 14-7 til korleis opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp.

Kommunen skal føre tilsyn med at den private grunnskoleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd. Når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen kan krevje at barn som får privat grunnskoleopplæring i heimen, tar prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.

Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava i andre ledd, skal barnet gå på skolen.

§ 22-6.Statleg tilsyn med private skolar

Departementet fører tilsyn med private skolar, jf. § 29-2 andre ledd. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.

Kapittel 23 Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring

§ 23-1.Privatistar

Den som har meldt seg til eksamen utan å delta i opplæring i faget, er privatist. I grunnskolen er det berre dei som ville hatt rett til opplæring for vaksne etter reglane i kapittel 18, som kan gå opp til eksamen som privatist.

§ 23-2.Praksiskandidatar

Den som har allsidig praksis i eit lærefag som er 25 prosent lengre enn det fastsette opplæringsløpet for faget, kan melde seg til fag- eller sveineprøva som praksiskandidat, utan opplæring i skole eller bedrift. Fylkeskommunen avgjer om praksisen kan godkjennast og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.

§ 23-3.Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Den som har utanlandsk fag- eller yrkesopplæring, kan søke departementet om å få ei godkjenning av opplæringa. Departementet skal godkjenne opplæring som har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget. Opplæring som er godkjent, er sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev eller vitnemål.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning, saksbehandling, klage og om oppnemning av klagenemnd.

§ 23-4.Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Ved vurdering av søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3 kan det behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

Vedtak om godkjenning kan gjerast ved heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.

Fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at ein person har eit godkjenningsvedtak, kan delast automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vedtak kan berre delast når den registrerte har bestemt det.

Dersom den som behandlar ein søknad om godkjenning, oppdagar at ein søkjar har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.

0Endra ved lov 8 mars 2024 nr. 9 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 8 mars 2024 nr. 407).

Sjuande del – forskjellige reglar

Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegner av eleven

§ 24-1.Samarbeid og samordning

Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.

Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen avgjere kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.

Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at alle tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.

Når det må til for å løyse oppgåvene etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.

Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19, og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.

Krava i denne paragrafen gjeld på same måte for samarbeid og samordning for vaksne deltakarar som har rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne etter kapittel 18.

§ 24-2.Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir merksame på slike forhold, av eige tiltak gir sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta alle relevante opplysningar som dei ikkje har plikt til å teie om.

§ 24-3.Plikt til å melde frå til barnevernet

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald

a.når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
b.når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæring
c.når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller annan utprega normlaus oppførsel
d.når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.

§ 24-4.Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overtatt omsorga

Dersom barnevernstenesta har overtatt omsorga etter barnevernsloven § 5-1, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av eleven. Barnevernstenesta har dessutan rett til å ta avgjerder på vegner av eleven etter vedtak om flytteforbod etter barnevernsloven § 4-3 og etter vedtak om omsorgsovertaking etter barnevernsloven § 4-2.

Foreldra til eleven har likevel rett til å velje privat skole etter § 2-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta etter § 2-2, velje skriftspråk etter § 3-1, krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn etter § 14-6, og krevje opplæring i og på samisk og i kvensk eller finsk etter §§ 3-2 og 3-3.

§ 24-5.Sjølvråderett for dei som har fylt 15 år

Dei som har fylt 15 år, tar sjølve stilling til spørsmål knytte til opplæringa, mellom anna samtykke til individuelt tilrettelagd opplæring, melding om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn og søknad om inntak til den vidaregåande opplæringa.

Kapittel 25 Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar

§ 25-1.Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt

Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.

Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.

Fylkeskommunar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebyggje fråvær frå opplæringa og følgje opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.

Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.

Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.

§ 25-2.Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring

Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse skal leggje til rette for

a.samling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
b.kontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar
c.opptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning
d.deling av vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse

Fylkeskommunar og andre som tilbyr vidaregåande opplæring, skal utan hinder av teieplikt levere alle vitnemål og kompetansebevis frå den vidaregåande opplæringa til databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.

Databasen kan også innehalde vitnemål og annan dokumentasjon av kompetanse frå anna opplæring og utdanning i den mon det tener til å oppfylle eitt eller fleire av formåla i første ledd.

Databasen kan dele fødselsnummeret eller D-nummeret til ein person og informasjon om kva for dokumentasjon av kompetansen til personen databasen inneheld automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den registrerte har bestemt det.

Departementet kan gi forskrift om behandling av personopplysningar i databasen, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

0Endra ved lov 8 mars 2024 nr. 9 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 8 mars 2024 nr. 407).

§ 25-3.Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret

Offentlege styresmakter kan utan hinder av teieplikt hente inn opplysningar frå folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om kva for opplysningar som kan hentast inn.

§ 25-4.Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar

Departementet kan gi forskrift om at dei ansvarlege for opplæringa og dei som får opplæring, skal delta i evalueringar og gi opplysningar om opplæringa, så langt det er nødvendig for å evaluere verksemda etter denne lova. Departementet kan vidare gi forskrift om at det i dette arbeidet kan behandlast personopplysningar, og mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar. Behandlinga kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

Kapittel 26 Kulturskole

§ 26-1.Kulturskole

Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.

§ 26-2.Formålet med kulturskolen

Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.

Kapittel 27 Reklameforbud og forbod mot ansiktsdekkjande plagg

§ 27-1.Forbod mot reklame i skolen

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke haldningar, oppførsel og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi forskrift om kva slags reklame forbodet dekkjer.

§ 27-2.Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet

Elevar og vaksne deltakarar skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei får opplæring. Det same gjeld når elevar deltar i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.

Tilsette i skolen skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei er saman med elevane eller deltakarane. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga, leksehjelpordninga, skolehelsetenesta eller den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Forbodet gjeld ikkje tildekking av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking som tener pedagogiske eller sosiale føremål.

Kapittel 28 Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen

§ 28-1.Kommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar

Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne for dei som bur i kommunen, bortsett frå dei som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 28-3 til 28-6. Kommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på kommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte.

Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i kommunen. Departementet kan gi forskrift om at ein kommune skal ha det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa for elevar som får slik opplæring utanfor kommunen.

§ 28-2.Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for dei som bur i fylket. Fylkeskommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på fylkeskommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte.

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring etter reglane i §§ 28-3 til 28-5.

Fylkeskommunar som har ledig kapasitet, skal gi tilbod om vidaregåande opplæring til søkjarar frå andre fylke dersom dei har rett til opplæring etter § 5-1. Heimfylket skal refundere utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.

Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i fylket. Departementet kan gi forskrift om refusjon av utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.

Departementet kan gi forskrift om det økonomiske ansvaret fylkeskommunen har for utgifter til opphald for elevar i vidaregåande opplæring med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk.

Oslo kommune har dei rettane og pliktene som ein fylkeskommune har etter denne lova.

§ 28-3.Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som bur i barnevernsinstitusjonar i fylket. Dette gjeld berre institusjonar som er godkjende etter barnevernsloven § 10-17.

Fylkeskommunen der ein barnevernsinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der barnet eller den unge var busett då vedtaket om plassering vart gjort. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.

Blir opplæringa gitt i barnevernsinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.

§ 28-4.Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som er innlagde i helseinstitusjonar i fylket. Fylkeskommunen skal også oppfylle denne retten for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for barnet eller søskenet.

Ansvaret til fylkeskommunen omfattar berre innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten, og barn og søsken til innlagde som får slike tenester.

Fylkeskommunen der ein helseinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten eller barnet eller søskenet til pasienten var busett på innleggingstidspunktet. Refusjonsretten gjeld berre ved innlegging i institusjonar som tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, og innlegging i institusjonar i det psykiske helsevernet. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.

Blir opplæringa gitt i helseinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.

§ 28-5.Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for innsette i fengsel i fylket.

Dersom opplæringa ikkje blir gitt på skolen, skal kriminalomsorga sørgje for dei lokala som trengst.

§ 28-6.Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for

Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne, og at ein kommune driv vidaregåande opplæring.

Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv vidaregåande opplæring i utlandet, dersom målet med opplæringa er norsk studie- eller yrkeskompetanse. Denne lova gjeld for slik opplæring. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet likevel gjere unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova. Departementet kan endre vilkåra for godkjenninga når tilhøva talar for det, og kan om nødvendig kalle ho tilbake.

Staten kan i særlege tilfelle drive grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring. Departementet kan gi forskrift om unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova når staten driv grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring.

§ 28-7.Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og for deltakarar i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne. Det er likevel kommunen som skal oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje, tilsyn og losji for grunnskoleelevar og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne.

Når fylkeskommunen sørgjer for skyss for elevar i grunnskolen og deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne, skal kommunen dekkje utgiftene som svarer til persontakst for enkeltreiser på strekninga.

Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Blir dei ikkje samde, kan statsforvaltaren gi pålegg om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast.

Kommunen har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen etter § 4-3. Fylkeskommunen har ansvar for å hjelpe elevar i den vidaregåande opplæringa med å skaffe bustad etter § 9-3.

Departementet kan gi forskrift om

a.skoleskyss og skyssgodtgjersle
b.heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9
c.heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke

§ 28-8.Ulykkesforsikring

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevar og vaksne deltakarar. Fylkeskommunen skal også sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikring ikkje er dekkjande.

Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring gjeld ikkje leksehjelpordninga, skolefritidsordninga eller kulturskolen.

Departementet kan gi forskrift om ulykkesforsikring.

§ 28-9.Karriererettleiing

Fylkeskommunen skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for dei som er folkeregistrert som busette i fylket. Fylkeskommunen skal samarbeide med Arbeids- og velferdsetaten om tilbodet.

Departementet kan gi forskrift om innhaldet i og omfanget av karriererettleiinga og om korleis tilbodet skal vere organisert.

Kapittel 29 Klageinstans, tilsyn og forsøk

§ 29-1.Klageinstans for enkeltvedtak

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter opplæringslova.

For enkeltvedtak som ikkje gjeld opplæring eller skoleskyss, reisefølge og tilsyn i forbindelse med skyss, gjeld likevel reglane om klageinstans i forvaltningsloven § 28. I den vidaregåande opplæringa gjeld reglane om klageinstans i forvaltningsloven § 28 også for vedtak om inntak av gjesteelevar og vedtak om kva for utdanningsprogram, programområde og skole ein søkjar skal takast inn på.

Departementet gir forskrift om kven som skal vere klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering.

§ 29-2.Statleg tilsyn

Statsforvaltaren kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller plikter som dei er pålagde i §§ 1-4 til 1-6, §§ 2-1 til 2-6, kapittel 3 til 4, § 5-1, §§ 5-3 til 5-9, kapittel 6, §§ 7-1 til 7-9, § 8-2, kapittel 9, §§ 10-1 til 10-8, §§ 11-1 til 11-13, §§ 12-2 til 12-5, § 12-7, kapittel 13 til 16, §§ 17-1 til 17-11, kapittel 18-21, § 22-2, § 22-5, § 23-2, kapittel 24 til 25, § 26-1, kapittel 27 til 28 og § 29-4 og i forskrift med heimel i desse paragrafane, og plikta til å ha internkontroll etter kommuneloven § 25-1. Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for tilsynsverksemda.

Departementet kan føre tilsyn med andre plikter enn dei som er pålagde kommunane og fylkeskommunane i lova og i forskrift med heimel i lova. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.

§ 29-3.Forsøksverksemd

Etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen, eller etter eige initiativ, kan departementet gjere tidsavgrensa unntak frå lova eller reglar gitt med heimel i lova dersom det er nødvendig for å gjennomføre pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøka skal vere etisk forsvarlege, godt fagleg underbygde, og ikkje svekkje elevane sine grunnleggjande rettar etter lova. Forsøka skal evaluerast og rapporterast.

§ 29-4.Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig

Ein kommune eller fylkeskommune skal oppfylle eit vedtak frå eit statleg forvaltningsorgan som gir ein part rett til tenester etter denne lova, sjølv om kommunen eller fylkeskommunen får vedtaket kjent ugyldig gjennom søksmål etter tvisteloven § 1-4 a. Eit vedtak av dette slaget kan berre gjerast om til skade for den private parten etter reglane i forvaltningsloven § 35 første ledd bokstav c dersom vedtaket er ugyldig fordi den private parten eller nokon som har handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt urette opplysningar eller halde tilbake opplysningar.

Åttande del – sluttreglar

Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar

§ 30-1.Iverksetjing og oppheving

Lova gjeld frå den tida​1 Kongen fastset. Samstundes blir lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa oppheva. Kongen kan setje i verk ulike kapittel eller reglar i lova til ulik tid.

1Frå 1. august 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028.

§ 30-2.Overgangsreglar

Forskrifter og enkeltvedtak med heimel i reglar som blir oppheva eller endra med denne lova, står ved lag til Kongen fastset noko anna. Kongen kan gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing til denne lova.

Personale i grunnskolen som var tilsett i uoppseieleg stilling 1. august 1999, kan ikkje seiast opp, og lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 24 nr. 1 andre ledd og nr. 2 gjeld for dei.

§ 30-3.Endringar i andre lover

Frå den tida lova trer i kraft, blir det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –