Årringar er ringar ein kan sjå i stammen til tre og busker, når dei er saga over.
Stammane til tre og busker blir tjukkare kvart år dei lever. Ein årring er den mengda treverk som stammen har vakse med på eitt år. Det nye treverket som blir laga om våren er lyst, medan treverket som blir laga om sommaren er mørkare. Det gjer det lett å sjå kor mykje treet har vakse på eit år.
Ved å telje årringar, kan ein finne ut kor gamalt eit tre eller ei buske er.