Randi Solem. Etter samtidig maleri.
Randi Andersdotter Solem (fødd 1775 eller 1776 i Tiller, død 27. august 1859 i Strinda) var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas.
Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår. Les mer …
Henrik Mathiesen (1847-1927), kona Karoline Agnes fødd Nielsen og mora Karen Ingebrigtsdotter Mathiesen fødd Ranum eller Ramm.
Henrik Mathiesen (fødd i Strinda 9. juli 1847, død same stad 8. oktober 1927) var forretningsmann, historikar, forfattar og illustratør. Spesielt kjend og populær vart han som Trondheims og Trøndelags historikar. Han var ei drivkraft i kulturminnevernet, særleg kva gjeld Nidarosdomen og andre byggverk med opphav i mellomalderen. Han gav ut eit stort tal bøker, hefte, tidsskrift og enkeltartiklar, og har illustrert ei rad historiske og arkeologiske publikasjonar.Han rekna «den trønderske stamme» som det ypparste av «det gamle folk». Det manifesterer seg tydeleg til dømes i hans argumentasjon for eit folkemuseum i Trøndelag: «Dersom en søndenfjeldsk centralisation skulde faa magt til efterhaanden at udviske den thrønderske nationalkarakter, saa vilde dette være den største skade, ikke blot for thrønderne selv, men for hele landet.»Han meinte å kunne påvise at «nasjonalånden» var meir utvikla i dei nordafjelske enn i dei sønna- og austafjellske bygdelaga. Les mer …
Paul Andreas Olsen Fjermstad
Paul Andreas Fjermstad (født 8. november 1841, død 11. mars 1921) ble en av Strinda kommunes mest fremtredende personligheter; seminarutdannet lærer, gårdbruker, støperiarbeider, kirkesanger, venstremann, styremedlem, bankmann. Det var nok stortingsmannen Fjermstad som satte flest spor etter seg.
At han fra sin tidlige ungdom også var totalavholdsmann, synes å være gått i glemmeboka for de langt fleste oppslagsverk, leksika og større og mindre biografier som er skrevet om ham. Hans foreldre var sjøleiende gårdbruker Ole Paulsen Fjermstad (1815-?) og hustru Marit Pedersdatter Kvam (1805-?). Fra oppgavene i tilgjengelige folketellinger går det fram at Paul Andreas kan ha hatt to brødre. Les mer …
Utsyn over «barndommens rike». Til høgre nede ved vegen ser vi Sæterbakken. Sentralt i bildet huset til bakaren. Han hadde bakeri i kjellaren og leverte ferske brød i nabolaget og vidare utover Strinda. Litt bak til venstre heimen min, Sæterhaugen. Foto: Fjellander Widerøe (1958) Eg voks opp på Strinda utanfor Trondheim, på ein villaeigedom frådelt Sæterbakken. Det er berre ca 8 km frå torget i Trondheim, men på slutten av 1950- og 1960-talet var dette rein landsbygd, sjå Fjellanger-Widerøe-bildet frå 1958 på lenka under. Sæterbakken var framleis i vanleg drift med mjølkeproduksjon, og den viktigaste kraftkjelda på garden var hesten, ein fjording. Eg hugsar eg spurte om – eller i alle fall fekk vete – kvifor brukaren ikkje hadde traktor, låvebrua var for bratt og krapp.
For oss ungane var slåttonna ei morosam tid, særleg etter at graset var kome opp i hesjene og vi kunne springe rundt dei, krype under og gøyme oss mellom. For ikkje å nemne når høykøyringa starta – da stilte vi opp for å trakke høylasset saman, og fekk av og til sitte på ned til garden og opp att. Les mer …
|