Årgård i Namdalseid. Bygningen var reist av Hans Barlien i 1813, men har vore ombygd etter det. Fotografiet er udatert, men teke før 1954. Foto: Ukjent
Hans Andersen Barlien (fødd i Overhalla 29. februar 1772, død i Sugar Creek, Iowa, USA 31. oktober 1842) var bonde, handverkar, industrigründar, opplysningsmann og politikar. Han er mest kjend som agitator for bondepolitikken i tidsrommet frå 1814 til han emigrerte til USA i 1837. Les mer …
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter. Les mer …
Lars Johansen Fløan (født 29. juli 1900 på Skatval i Nord-Trøndelag, død 9. juni 1977) var gårdbruker og politiker ( B). Han var sønn av gårdbruker Johan L. Fløan den eldre og hustru Gusta Oline Røkke. Han giftet seg i 1934 med Ingeborg Amalie Fiskvik, og de fikk fire barn. Han gikk Mære landbruksskole og kjøpte gården Voll på Skatval i 1936. Han fikk skjøte på slektsgården Østre Fløan i 1946. Han var en betydelig leverandør av poteter og ble valgt til nestformann i styret i Stjørdal Potetmelfabrikk i 1945, fra 1961 til 1975 som styreformann. Fabrikken gikk inn i Trøndelag Potetindustrier i 1984. Han var også styremedlem i Potetmelfabrikkenes salgskontor. Han overdrog Østre Fløan til sin sønn Johan L. Fløan den yngre i 1971.Lars Fløan var medlem av Skatval kommunestyre for Bondepartiet 1938–1940 og 1952–1959. Les mer …
Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent. Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå Hornemann på Reins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar. Les mer …
|