Kjerkjesteinen ved Solskjel. Foto: Olve Utne
Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ ( nominativ/ akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ ( dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommune på Nordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass. Les mer …
Johannes Berven spelar på fjølfela si. Johannes Berven ( 1899– 1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele. Les mer …
|