Løypa gjennom fiskeværet Bud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Løypa gjennom fiskeværet Bud er ei kulturminneløype som i anledning Kulturminneåret 2009 har blitt satt saman i Fræna kommune i Møre og Romsdal.

Løypa i fiskeværet Bud går i kulturlandskapet både i og like utafor tettstaden Bud. Mellom bryggjer og hus, over bergknausar, helt ytterst mot Atlanterhavet og Hustadvika. Løypa er godt merka og egnar seg delvis for rullestolbrukarar og syklistar. Den er på enkelte stader kanhende noko bratt.

Det er og laga en merka fotsti (ikkje for sykkel) som går over land, blant anna eit stykke opp mot Gulberget, med utsyn over Bud og storhavet.

Kyststien i Bud

Bud kyrkje

Bud kyrkje er ei korskyrkjeBud, Fræna i Hustadvika kommune. Kyrkja er frå 1717 og bygd i treverk. Kyrkja blei restaurert i 1830. Ho har 250 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.


Ergan kystfort

Ergan kystfortBud vart bygd av tyske soldatar under krigen i 1940-45. Kystfortet var ein del av den såkalla Festung Norwegen, eit ledd i det tyske forsvar av Norge under krigen. I dag er Ergan kystfort omgjort til eit museum som viser kor livet var på fortet under den tyske okkupasjonen.

Havna i Bud

Kjelder og litteratur


Kulturminneaaret logo kort.jpg Hele eller deler av Løypa gjennom fiskeværet Bud er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.