Hopp til innhald

Luangwa

Koordinatar: 15°34′28″S 30°23′20″E / 15.57443°S 30.38887°E / -15.57443; 30.38887
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. februar 2014 kl. 23:50 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{koord|15.57443|S|30.38887|E|type:river_region:ZM|vising=tittel}} miniatyr|Sørlege delar av Luangwa i Zambia. '''Luangwa''' (portugisisk ''Rio...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

15°34′28″S 30°23′20″E / 15.57443°S 30.38887°E / -15.57443; 30.38887

Sørlege delar av Luangwa i Zambia.

Luangwa (portugisisk Rio Aruângua) er ei elv i det sørlege Afrika og ei viktig tilførselselv til Zambezi. Elva er rundt 800 km lang, og er blant dei største elvane i Zambia. Ho byrjer ved grensa mellom Malawi og Zambia og dannar delar av grensa mellom Zambia og Mosambik nær slutten.

Luangwa har utspring nær Isoka i Zambia og renn rundt Muchingafjella. Mellom Luangwa i Zambia og Zumbo i Mosambik renn ho saman med Zambezi.

Elva er ei av dei største urørte elvane i sørlege Afrika, og dei rundt 50 000 kvadratkilometane i den omgjevande dalen huser eit rikt dyreliv. Ho fløymer som regel over i regntida (desember-mars), medan vassmengden miskar kraftig i tørketida.[1]

Kjelder

  1. Christine Eckstrom, «Waiting for thunder», National Geographic
  • «Luangwa River», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago, 2011.