2112 av Rush
2112 Studioalbum av Rush | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. april 1976[1] | |
Innspelt | Toronto Sound Studios i Toronto, februar 1976 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock, heavy metal | |
Lengd | 38:44 | |
Selskap | Anthem (Canada) Atlantic (Japan) | |
Produsent | Rush og Terry Brown | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Rush-kronologi | ||
Caress of Steel (1975) |
2112 | All the World's a Stage (1976)
|
2112 er det fjerde studioalbumet til det kanadiske rockebandet Rush.
Det kom ut i 1976 og inneheld musikkstykket 2112 som er delt inn i sju suitar og handlar om ei dystopisk soge i år 2112. Albumet vert stundom skildra som eit konseptalbum sjølv om songane på side to av vinylplata ikkje er knytte til stykket på side ein. Rush hadde det same arrangementet på albumet Hemispheres i 1978.
Mottaking
2112 er eit av to Rush-album som finst i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (det andre er Moving Pictures). I 2006 kåra lyttarane på Planet Rock 2112 som det definitive Rush-albumet. I 2012 låg albumet på andreplassen på lista som lesarane til Rolling Stone laga over tidenes beste progrockalbum.[6] Albumet ligg på lista til IGN over 10 klassiske progrockalbum..[7]
Innhald
All tekst er skriven av Neil Peart; all musikk er komponert av Geddy Lee og Alex Lifeson, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «2112» | 20:34 | |
2. | «A Passage to Bangkok» | 3:32 | |
3. | «The Twilight Zone» | 3:16 | |
4. | «Lessons» | Lifeson | 3:51 |
5. | «Tears» | Lee | 3:30 |
6. | «Something for Nothing» | musikk: Lee | 4:00 |
Medverkande
Rush
- Geddy Lee – bassgitar, vokal, Minimoog
- Alex Lifeson – elektrisk og akustisk gitarar
- Neil Peart – trommer, perkusjon
Andre musikarar
Lister
Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1976 | Popalbum | 61 |
Salstrofé
Land | Organisasjon' | Sal |
USA | RIAA | 3x Multi-Platina (3 000 000)[8] |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «2112 (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2012.
- ↑ «Rush is a Band Blog: Alex Lifeson Modern Gitars interview now online». Rushisaband.com. Arkivert frå originalen den 19. juli 2011. Henta 1. september 2011.
- ↑ Prato, Greg. «Rush 2112 review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 20. november 2011.
- ↑ «Rush - 2112». Sputnikmusic. Henta 1. september 2011.
- ↑ «Customer Reviews - 2112». Amazon.com. Henta 15. juli 2012.
- ↑ Sellers, Kevin (30 september 2007). «Rush - 2112». Music Emissions webzine. Arkivert frå originalen 17. oktober 2007. Henta 1. september 2011.
- ↑ Andy Greene (26 juli 2012). «'Reader's Poll: Your Favorite Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 12. september 2012.
- ↑ «10 Classic Prog Rock Albums, page 2». Arkivert frå originalen 10. februar 2009. Henta 12. september 2012.
- ↑ «Recording Industry Association of America». RIAA. Henta 1. september 2011.