Geddy Lee
Geddy Lee | |||
Lee spelar på sin signatur Fender Jazz Bass under Snakes & Arrows-turneen til Rush | |||
Fødd | 29. juli 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | North York | ||
Fødenamn | Gary Lee Weinrib | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1968 til i dag | ||
Sjanger | hardrock, progressiv rock, heavy metal | ||
Instrument | Bass, vokal, tangentinstrument, gitar, synthesizers | ||
Kjende instrument | Geddy Lee Signature model Jazz Bass Rickenbacker 4001 Fender Precision Bass | ||
Stemmetype | tenor, baryton, kontratenor | ||
Tilknytte artistar | Rush, Big Dirty Band | ||
Plateselskap | Mercury, Anthem, Atlantic | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | offiser av Order of Canada |
Gary Lee Weinrib (fødd 29. juli 1953)[1] betre kjend som Geddy Lee, er ein kanadisk musikar, mest kjend som solovokalist, bassist og klaverspelar for den kanadiske rockegruppa Rush. Lee vart medlem av Rush i september 1968, etter å ha vorte invitert inn av barndomsvenen Alex Lifeson. Han erstatta då bassist og frontmann Jeff Jones.[2]
Lee er ein prisvinnande musikarar og stilen, teknikken og dugleiken hans på bassgitar har inspirert mange rockemusikarar som Cliff Burton frå Metallica,[3] Steve Harris frå Iron Maiden,[4] John Myung frå Dream Theater,[5] Les Claypool frå Primus,[6] Frank Bello frå Anthrax, Jason Newsted frå Voivod[7], Juan Alderete frå The Mars Volta og Tim Commerford frå Rage Against the Machine.
I tillegg til låtskrivinga, arrangementa og konsertane med Rush, har Lee spelt med mange andre band, som Rocket Science. Det første soloalbumet til Lee, My Favourite Headache, kom ut i 2000.
I lag med bandkollegaene i Rush - gitarist Alex Lifeson og trommeslagar Neil Peart – vart Lee Offiser i Order of Canada i 1996. Trioen vart det første rockehandet som vart æra på denne måten, som ei gruppe.[8] Lee er rangert på 13. plass av Hit Parader på lista deira over dei 100 beste Heavy Metal-vokalistane gjennom tidenen.[9]
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Bass «Hall of Fame» – Guitar Player Magazine
- 6 gongar vinner: «Best Rock Bass» – Guitar Player Magazine
- 1993 – «Best Rock Bass Player» Bass Player kåra av lesarane
- 1994 – Juno Hall of Fame
- 1996 – Offiser av «the Order of Canada», saman med bandkollegaer Alex Lifeson og Neil Peart
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Geddy Lee» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg. «Geddy Lee: Biography». allmusic.com. Henta 1 mai 2012.
- ↑ Banasiewicz, Bill. «Rush Visions: The Official Biography». Arkivert frå originalen 23. februar 2007. Henta March 10, 2007.
- ↑ «CLIFF BURTON R.I.P. - 1986». metallicaworld.co.uk. Henta 12. september 2012.
- ↑ «Steve Harris Biography». ironmiaden.webvis.net. Arkivert frå originalen 4. januar 2007. Henta 12. september 2012.
- ↑ «Geddy Lee/Rush: Artist's Bio». Fender.com. Arkivert frå originalen 8. juli 2007. Henta 12. september 2012.
- ↑ "You Say It's Your Birthday: Les Claypool of Primus" Addicted to Noise
- ↑ http://ole.francite.com/metallica/jason.htm
- ↑ "Rush highlights" Arkivert 2010-07-15 ved Wayback Machine., MapleMusic (accessed mai 23, 2007).
- ↑ oz (December 4, 2006). «Hit Parader's Top 100 Metal Vokalists of All Time». Hearya.com. Henta 12. september 2012.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rush - offisiell side