Hopp til innhald

IL i BUL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo
TypeFriidrett
Skisport
Skipa8. januar 1913
HovudkontorRosenkrantz' gate 8, Oslo
Nettstadhttp://idrottslaget.bul.no

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (IL i BUL) er eit særlag i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL, Oslo) som blei stifta 8. januar 1913.

IL i BUL har idrettsgrupper innan friidrett, skisport og BVT (Ball – Vatn – Trim for psykisk utviklingshemma), tidlegare også skøyter, fotball, handball og orientering.

Friidrett

IL i BUL er ein av Noregs leiande friidrettsklubbar. Klubben sine medlemer har hevda seg i mange nasjonale og internasjonale meisterskap, kongepokalar og æresprisar. Klubben har også mange NM-titlar i stafett og gode plasseringar i Holmenkollstafetten.

Langrenn

IL i BUL har vunne ni Noregsmeisterskap-titlar i stafett for menn (i perioden 1961–1978) og 3 NM-titlar for kvinner (1976, 2012 (lagsprint) og 2014 (lagsprint)) og er med det mestvinnande klubb for menn. Odd Martinsen deltok på alle vinnarlaga då BUL vann 7 NM-titlar i perioden 1970–1978. I 1962 blei BULs stafettlag tildelt kongepokalen – den einaste gongen kongepokalen i skiidrett er tildelt eit lag.[1]

Løparar på stafettlaga for menn som vann NM
År Springarar
1961 Alf Storelvmo, Arne Jensen, Ingmund Holtås
1962 Alf Storelvmo, Arne Jensen, Ingmund Holtås
1970 Alf Storelvmo, Odd Martinsen, Lorns Skjemstad
1972 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1973 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1974 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1975 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1976 Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen
1978 Kristian Stensæter, Leif Jære, Odd Martinsen
Løparar på stafettlaga for kvinner som vann NM
År Løpere
1976 Birgit Øverby, Astrid Kristiansen, Grete Kummen
2012 Heidi Weng, Martine Ek Hagen
2014 Heidi Weng, Martine Ek Hagen

Fotball

Innan fotball for kvinner var IL i BUL lenge ein pioner sidan de spilte mot Amazon Grimstad i 1970. IL i BUL har vunne fem NM i fotball for kvinner, frå 1978, 1979, 1980, 1982 og 1983. BUL var også i finalen i 1981, men tapte overraskande for Bøler. Dette gjer at IL i BUL, saman med Røa, er Oslos mestvinnande lag i NM-samanheng, éin seier framfor Vålerenga. I nasjonal samanheng er det berre to lag som i perioden etter 1963 har fleire NM-titlar i fotball enn IL i BUL (Rosenborg og Trondheims-Ørn). Ytterlegare fire lag har fem NM-titlar som BUL. IL i BUL vant også dei uoffisielle norgesmeisterskapa 4 år på rad 1973-76.

I den fyrste uoffisielle serie for 1. divisjon fotball for kvinner 1984 blei BUL nummer 3 i avdeling Austlandet. Dei følgde opp dei påfølgande sesongane med ny 3.-plass også i 1985 og 1986. I den fyrste landsdekkande serien i 1987 blei klubben nr 8. året etter blei klubben sist og rykka ned til 2. divisjon. Klubben skulle ikkje ta seg opp igjen etter dette. Spelarar valde andre lag og fotballgruppa for kvinner i BUL hadde sin siste sesong i 1993.

Desse spelarane har spelt A-landskampar for Noreg som BUL-spelarar:

  1. Elsi Hauger (1978)
  2. Elin Sværen (1978–1979)
  3. Ingrid Andreassen (1978–1980)
  4. Astrid Kristiansen (1978–1981)
  5. Mariann Mortensen (1978–1987)
  6. Eva Hergå (1979)
  7. Kristin Storhaug (1979)
  8. Rita Fjærli (1979–1980)
  9. Ulla Kneppen (1980–1983)
  10. Aase Bjørg Strande (1981)

Orientering

IL i BUL vann ei rekkje NM i stafett, både for menn og kvinner, i perioden 1946 til 1975.

Meritter

NM stafett, herrar (6):

  • 1946, 1967, 1968, 1969, 1974, 1975

NM stafett, damer (6):

  • 1966, 1967, 1969, 1970, 1971, 1972

Sportsarrangement

Idrottslaget i BUL har gjennom åra arrangert mange løp og idrettsarrangement, mellom anna BUL-Stafetten, BUL-sprinten, Oslokarusellen, Bislett Summer Games og Sentrumsløpet. BUL har også arrangert Special Olympics saman med Civitan og Special Olympics Norge. Idrottslaget i BUL er medlem av Bislett Alliansen, saman med Tjalve, og Vidar, og arrangerer mellom anna Bislett Games.

Utøvarar

Utøvarar med medaljar i OL, VM og EM

Andre kjente utøvarar

Bjørn Bang Andersen, Pål Benum, Reidun Buer, Øyvind Dahl, Ivar Egeberg, Mona Evjen, Kristen Fløgstad, Audun Garshol, Abderrahim Goumri, Bjørn Grimnes, Martine Ek Hagen, Stein Haugen, Thor Helland, Stig Roar Husby, Tofiri Kibuuka, Stine Kufaas, Cathrine Larsåsen, Jorun Nygaard, Isabelle Pedersen, Vigdis Rønning, Ola Skarholt, Astrid Tveit, Einar Kristian Tveitå, Eystein Weltzien.

Litteratur

Kjelder

  1. Skiforbundet.no Arkivert 2016-04-22 ved Wayback Machine. Kongepokalar NSF historisk oversikt.

Bakgrunnsstoff