IL i BUL
Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo | |||
Type | Friidrett Skisport | ||
---|---|---|---|
Skipa | 8. januar 1913 | ||
Hovudkontor | Rosenkrantz' gate 8, Oslo | ||
Nettstad | http://idrottslaget.bul.no |
Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (IL i BUL) er eit særlag i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL, Oslo) som blei stifta 8. januar 1913.
IL i BUL har idrettsgrupper innan friidrett, skisport og BVT (Ball – Vatn – Trim for psykisk utviklingshemma), tidlegare også skøyter, fotball, handball og orientering.
Friidrett
[endre | endre wikiteksten]IL i BUL er ein av Noregs leiande friidrettsklubbar. Klubben sine medlemer har hevda seg i mange nasjonale og internasjonale meisterskap, kongepokalar og æresprisar. Klubben har også mange NM-titlar i stafett og gode plasseringar i Holmenkollstafetten.
Langrenn
[endre | endre wikiteksten]IL i BUL har vunne ni Noregsmeisterskap-titlar i stafett for menn (i perioden 1961–1978) og 3 NM-titlar for kvinner (1976, 2012 (lagsprint) og 2014 (lagsprint)) og er med det mestvinnande klubb for menn. Odd Martinsen deltok på alle vinnarlaga då BUL vann 7 NM-titlar i perioden 1970–1978. I 1962 blei BULs stafettlag tildelt kongepokalen – den einaste gongen kongepokalen i skiidrett er tildelt eit lag.[1]
- Løparar på stafettlaga for menn som vann NM
År | Springarar |
---|---|
1961 | Alf Storelvmo, Arne Jensen, Ingmund Holtås |
1962 | Alf Storelvmo, Arne Jensen, Ingmund Holtås |
1970 | Alf Storelvmo, Odd Martinsen, Lorns Skjemstad |
1972 | Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen |
1973 | Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen |
1974 | Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen |
1975 | Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen |
1976 | Eystein Weltzien, Audun Nerland, Odd Martinsen |
1978 | Kristian Stensæter, Leif Jære, Odd Martinsen |
- Løparar på stafettlaga for kvinner som vann NM
År | Løpere |
---|---|
1976 | Birgit Øverby, Astrid Kristiansen, Grete Kummen |
2012 | Heidi Weng, Martine Ek Hagen |
2014 | Heidi Weng, Martine Ek Hagen |
Fotball
[endre | endre wikiteksten]Innan fotball for kvinner var IL i BUL lenge ein pioner sidan de spilte mot Amazon Grimstad i 1970. IL i BUL har vunne fem NM i fotball for kvinner, frå 1978, 1979, 1980, 1982 og 1983. BUL var også i finalen i 1981, men tapte overraskande for Bøler. Dette gjer at IL i BUL, saman med Røa, er Oslos mestvinnande lag i NM-samanheng, éin seier framfor Vålerenga. I nasjonal samanheng er det berre to lag som i perioden etter 1963 har fleire NM-titlar i fotball enn IL i BUL (Rosenborg og Trondheims-Ørn). Ytterlegare fire lag har fem NM-titlar som BUL. IL i BUL vant også dei uoffisielle norgesmeisterskapa 4 år på rad 1973-76.
I den fyrste uoffisielle serie for 1. divisjon fotball for kvinner 1984 blei BUL nummer 3 i avdeling Austlandet. Dei følgde opp dei påfølgande sesongane med ny 3.-plass også i 1985 og 1986. I den fyrste landsdekkande serien i 1987 blei klubben nr 8. året etter blei klubben sist og rykka ned til 2. divisjon. Klubben skulle ikkje ta seg opp igjen etter dette. Spelarar valde andre lag og fotballgruppa for kvinner i BUL hadde sin siste sesong i 1993.
Desse spelarane har spelt A-landskampar for Noreg som BUL-spelarar:
- Elsi Hauger (1978)
- Elin Sværen (1978–1979)
- Ingrid Andreassen (1978–1980)
- Astrid Kristiansen (1978–1981)
- Mariann Mortensen (1978–1987)
- Eva Hergå (1979)
- Kristin Storhaug (1979)
- Rita Fjærli (1979–1980)
- Ulla Kneppen (1980–1983)
- Aase Bjørg Strande (1981)
Orientering
[endre | endre wikiteksten]IL i BUL vann ei rekkje NM i stafett, både for menn og kvinner, i perioden 1946 til 1975.
Meritter
[endre | endre wikiteksten]NM stafett, herrar (6):
- 1946, 1967, 1968, 1969, 1974, 1975
NM stafett, damer (6):
- 1966, 1967, 1969, 1970, 1971, 1972
Sportsarrangement
[endre | endre wikiteksten]Idrottslaget i BUL har gjennom åra arrangert mange løp og idrettsarrangement, mellom anna BUL-Stafetten, BUL-sprinten, Oslokarusellen, Bislett Summer Games og Sentrumsløpet. BUL har også arrangert Special Olympics saman med Civitan og Special Olympics Norge. Idrottslaget i BUL er medlem av Bislett Alliansen, saman med Tjalve, og Vidar, og arrangerer mellom anna Bislett Games.
Utøvarar
[endre | endre wikiteksten]Utøvarar med medaljar i OL, VM og EM
[endre | endre wikiteksten]- Johan Grøttumsbråten (langrenn, kombinert)
- Bjarne Iversen (langrenn)
- Odd Martinsen (langrenn)
- Khalid Skah (friidrett)
- Oskar Fredriksen (langrenn)
- Ingrid Hadler (orientering)
- Åge Hadler (orientering)
- Astrid Vigenstad (orientering)
- Sigurd Sollid (skihopp)
- Henry Hermansen (langrenn, skiskyting)
- Ingrid Kristiansen (friidrett)
- Ezinne Okparaebo (friidrett)
- Hanne Haugland (friidrett)
- Knut Brustad (friidrett)
- Jaysuma Saidy Ndure (friidrett)
- Heidi Weng (langrenn)
Andre kjente utøvarar
[endre | endre wikiteksten]Bjørn Bang Andersen, Pål Benum, Reidun Buer, Øyvind Dahl, Ivar Egeberg, Mona Evjen, Kristen Fløgstad, Audun Garshol, Abderrahim Goumri, Bjørn Grimnes, Martine Ek Hagen, Stein Haugen, Thor Helland, Stig Roar Husby, Tofiri Kibuuka, Stine Kufaas, Cathrine Larsåsen, Jorun Nygaard, Isabelle Pedersen, Vigdis Rønning, Ola Skarholt, Astrid Tveit, Einar Kristian Tveitå, Eystein Weltzien.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Olaf Almenningen, red. (1992). Bragder Utan Like : Høgdepunkt gjennom 80 års idrettsliv. Samlaget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Skiforbundet.no Arkivert 2016-04-22 ved Wayback Machine. Kongepokalar NSF historisk oversikt.
- Denne artikkelen bygger på «IL i BUL» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2018.