Kantonen Bern
Bern | |||
Berne, Berna | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: BE | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Bern | ||
Høgaste punkt | Finsteraarhorn | ||
• høgd | 4 274 moh. | ||
Areal | 5 959 km² | ||
Folketal | 1 034 977 (31. desember 2018)[1] | ||
Kanton sidan | 1353 | ||
Kantonen Bern 46°50′N 7°36′E / 46.84°N 7.6°E | |||
Kart som viser Kantonen Bern.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Bern |
Bern er ein kanton i det vestlege, sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 5 959 km², og hadde éin million innbyggarar i 2018. Kantonen er den nest største i Sveits, både kva gjeld flatevidd og folketal. Byen Bern er hovudstad i kantonen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kantonen grensar i nord til kantonane Jura, Solothurn, i aust til Aargau, Luzern, Obwalden, Nidwalden og Uri, i sør til Valais, og i vest til Vaud, Fribourg og Neuchâtel.
Kantonen vert ofte delt etter landskap. I nord ligg sjølandet (Seeland) og Bern-Jura, deretter kjem Mittelland med byen Bern, medan Oberland i sør er prega av storfjell. 43,3% av kantonen er jordbruksareal, og 31,0% er skogdekt. Om lag 19,3% er fjell, brear og innsjøar. Dei fem høgste fjelltoppane i Oberland er over 4 000 meter over havet, med Finsteraarhorn som den høgste.
Språk og samfunn
[endre | endre wikiteksten]12,5% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. I kring 84 % av folket snakkar bernerttysk, ein variant av sveitsartysk, medan 7,6 % snakkar fransk, desse bur i vest og i nord i kantonen. Om lag 67 % av innbyggarane er protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen, som er statskyrkje (Landeskirche). 16 % soknar til den katolske kyrkja.
Distrikt og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Bern består sidan 2010 av 10 distrikt (Verwaltungskreise), som er delt opp i til saman 396 kommunar. Dei ti distrikta er Bern-Mittelland, Biel/Bienne, Emmental, Frutigen-Niedersimmental, Interlaken-Oberhasli, Bern-Jura, Oberaargau, Obersimmental-Saanen, Seeland og Thun.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bern slutta seg til det sveitsiske eidsforbundet i 1353. På den tid bestod kantonen Bern einast av nokre mindre område i nærleiken av byen. Dei neste 200 åra voks kantonen mykje, dels gjennom oppkjøp og dels gjennom erobringar. Mellom anna kom Aargau under kantonen i 1415, medan det meste av Vaud sitt landområde vart erobra i 1536.
Ved danninga av republikken Helvetia i 1798 vart den dåverande kantonen delt i to, ein i sørvest med Lausanne til hovudstad og ein annan, kalla Oberland, med Thun til hovudstad. Då den sveitsiske føderasjonen vart restaurert i 1815, fekk kantonen Bern tilført land som hadde lege under bispedømmet i Basel, mellom anna Bern-Jura. Den utskilde kantonen i vest, derimot, vart til kantonen Vaud.
I tida 1815-1979 var Bern den største kantonen i Sveits. Etter Bern-Jura braut ut og vart eigen kanton i 1979, vart Graubünden den kantonen i landet med størst flatevidd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bilanz der ständigen Wohnbevölkerung nach Kanton, definitive Jahresergebnisse, 2018». Henta 28. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Bern» frå Wikipedia på tysk, den 11. august 2011.